Raggisland

Ei hjartesukkside

Godt nytt år!

Godt nytt år, alle saman!

2005 har kanskje vore det nest raraste året eg har opplevd og har vore so fullt av inntrykk, at det er uråd å oppsummera det.

Eg har sett eitt stort, feitt punktum i år og definitivt gjort meg ferdig med 2002-2005 for alltid!

Elles vart eg tante, mista ei bestemor, var på A-HA-konsert i Frognerparken, flytta inn på Riksarkivet, gjort meg ferdig med verdas siste skuleeksamen, funne ut at eg likar studentlivet svært godt, vore politisk sekretær, har bytt ut bilen, vore i Kirkenes, Tromsø, litt for mykje i Oslo og har vitja dei fleste venene mine landet rundt. Har byrja å dansa, fått altfor mange nye verv og har hatt ein heidundrande kjekk desember.

Men eg tykkjer kåringar er artig. Kanskje me skulle kåra høgdepunkt og nedturar her? Tiril Rem har ein artig gjennomgang i D&T her. Men å kåra årest dust, helt, hending - det er eg fort og det må eg kanskje gjera. Skal prøva å henta inspriasjon og idear i kveld på festen.

Hipp hurra for 2006!

 

24. desember

No er det jul! Hurra - eg får mange pakkar!

 

Natt til julaftan

No er 24. desember komen og eg er snart ferdig med siste julegåva. Ok, so vert eg ikkje ehilt ferdig til jul, men eg kan gje vekk ei umontert jakke og so kan eg verta ferdig i romjula.

I Volda klaga eg litt over at det var so mykje snø då eg drog. Ekkelt å køyra opp i hjøgdene der eg bur. Det er på ingen måte noko problem her. 9 varmegrader og ikkje teikn til at det skal verta kaldt til i morgon. Eigentleg er det like mykje jul med regn. Det er jo oftast det her ute i havet, serleg på denne tida, men det er ganske fint når snøen dalar ned samstundes som kyrkjeklokkene ringjer jula inn.

Ok, eg kan godt innrømma det, eg går i kyrkja kvar julaftan. Det byrja med at mor ville ha ein time fri julekvelden, og skyssa oss andre avgarde til kyrkjes (300 m vekke), og so er det vorte tradisjon. Og det vert ikkje jul utan at eg har irritert meg over at det plukkar ut julesongar, som eg kan på nynorsk, på bokmål og at presten held mindre gode talar (t.d. happy birthday to Jesus og slikt) og so får å sjå kven andre eg kjenner som er heime til jul. For det er der me møtest - i kyrkja. Og so seier me god jul til alle desse me berre møter ein gong i året, altso i kyekja julaftan, og so går me heim i regn og vind og tenkjer at «det var no triveleg. No vert det jul». So om du lurer er det det eg skal gjera når morgondagen kjem.

God jul!

PS! Og so skal eg gratulera Steinulf med dagen.

 

21. desember

Puh! Kom meg sørover i møkkaveret i ettermiddag. No er det julegferie, gitt. Og so fekk eg sensuren i dag, og eg er med i klubben til Eva Marie, Astrid og Hilde og fekk A. Hurra! Hurra!

 

12. desember

Attende i Volda etter ei traumatisk natt på nattbussen. Nattbuss er per def. traumatisk, og i dag treng eg ein fysioterapaut. Det knirkar i alle ledd og ein er trøyttare når ein kjem fram enn det ein er før ein set seg inn på bussen. Nett no seier det ein heil del om meg. Trøytt. Korkje meir eller mindre.

Fire juleselskaplegheiter på sidan fredag tek på. Julebordhøgdepunktet til no er den årvisse laange festen i Pilestredet og eg storkosa meg. Litt forvirra er eg kanskje no, men slik er det.

(Kjole fekk eg ikkje tak i, kom visst til butikken i dag, men slikt er inga hindring. Trur eg tok meg godt nok ut lell :)) Tjo-bing og god natt!

 

8. desember

I dag les eg korrektur. Det er eigentleg litt kjekt, for ein får jo lese mykje som ein elles ikkje hadde kome til å tenkja på ein gong!

Elles skal eg læra meg EndNote (meld dykk de som vil vera læremeistarar), skal på jobb på Rokken i kveld og skal pakka til turen i helga.

Var innom eit julebord i går òg. Det er heilt fantastisk når ein vert invitert til å eta god mat - gratis! Og ikkje minst med kjekke folk. Men eg måtte reisa heim tidleg so det vart ein roleg kveld. Desse juleborda på Rokken har vore artige fordi det har vore bra med diskusjonar. Serleg sundag, men òg i går. Men ein ting: At Venstre er eit genialt parti? Det er å gå litt langt, eller kva? Og når ein legg til "utan tvil" framfor, då har ein viska ut streken, meiner no eg.
Eller at det vert mindre onrop av at sladden skal vekk? Tvilar sterkt.

(No byrjar dette å minna om ein dagbok, det er vel ikkje heilt meininga. Kanskje det er av di det florerer av julekalenderar over alt? Og ein post pr dag vert nesten som ein julekaldener? Det er jo ikkje alltid det er gode eller kjekke ting i adventskalenderane heller... Men Erna Solberg har byrja irritera meg skrekkeleg att, og det same har eigentleg fleire politikarar, so det er kanskje på tide å sukka litt høgare att?)

Elles heiar eg på Bystyret i Oslo som flytter den amerikanske ambasaden ut i skogen på Vestkanten og vekk frå sentrum!

Og regjeringa har vedteke at det skal vera minst 40% kvinner i styra i aksjeselskap, elles vert selskapa tvangsoppløyste! Det kallar eg å smalla til. Eg heiar på regjeringa òg i dag.

 

7. desember

I går bakte eg kakemenn. Trur det var eit salgs spontant innfall for å laga julelukt i huset. Sette deig før eg gjekk på StiV-møte og bakte etterpå til bakgrunnslyden av nyhenda. Julesteminigsskapande? Nei. Men kakemennene vart gode. Kanskje eg til og med skal måla dei? Burde eigentleg kjøpt ein kakeboks òg. Må vel ned i gata likevel, for å halda liv i kjolemysteriet, eventuelt finna meg eit nytt plagg, som faktisk finst i butikken, som eg kan tenkja meg å ha på meg ferdag. Då kan eg kjøpa kakeboks òg.

Elles er eg komen vidare i Flytande bjørn, og Frode Grytten er framleis favorittforfattaren min. Må lesast. (Og so skal eg lesa Olaug si bok etterpå, og Tyl, sjølvsagt.)

Dagens store filisofiske spørsmål er: Kvifor i all verda vert ein av og til so frykteleg sjenert? Kvifor er det putseleg vanskeleg å berre stoppa og seia hei til nokon, føreslå ein kaffi eller slå av ein prat? I staden vert ein berre sitjande og smila fint og helsa forsiktig. Det lurer eg på i dag.Eg er jo eigentleg ikkje slik, eller er eg det? Nett no ser de slik ut. Det irriterer meg.

Elles skin sola, det er snø (ok, litt snø), halvkaldt, eg sit inntulla i ull på lesesalen og les om krigen. Mao alt er som vanleg.

 

Kvissmeistrar

I går vann Nervelaget haustrunden i kviss på Nelly her i bygda. So me møtte opp med is i magen, og halve laget på veg til Volda frå Vigra, (dei kom seint, men sterkt) og so drog me til og med i frå på siste runden. Ikkje verst. Gullmedaljar, diplomar og gåvekort.

Elles sov eg i går og før det las eg om Unge Høgre og korleis dei lefla med NS på 30-talet. Festleg lesnad! No var dei ikkje tilhengjarar av førarprinsippet, men elles gjorde dei mykje for å få Høgre til å gå enno lenger til Høgre, og laga ein sterk stat. Er dette relevant for oppgåva mi? Truleg ikkje i det heile. Mne greier eg å leggja det vekk og leita vidare i boka etter andre meir relevante ting? Nei. Hi, hi!

 

5. desember

Eksamen er over! Hurra!
Der er ikkje å overdriva å seia at eg er godt nøgd med det. Og ein bonus er at eg faktisk har lært ganske mykje. Tekn: Aldri meir ein skuleeksamen - i alle fall ikkje på dette studiet. Fantastisk.
No har eg fjernlånt ein heil haug bøker til oppgåva mi som eg har nokre dagar å pløgja gjennom. Det vert stor stas. Endeleg kan eg berre tenkja på skrivinga, utan å ha dette etterslepet å tenkja på. Gler meg vilt til å koma i gang att.

So er fyrste julebordt òg unnagjort. Og det vart jo stas det òg. Men kjolen min - den er ikkje komen til butikken enno. Byrjar å sjå mørkt ut til fredag dette.

Elles har eg kjøpt «Flytande bjørn», og no kan eg byrja på den!