Raggisland

Ei hjartesukkside

Langspurt


For dei av dykk som ikkje spring so mykje; spurt er vondt. Og langspurtar er ikkje betre. No kjennest det som om eg spring maraton. Det har eg aldri gjort, men det høyrest fælt ut, so eg trur det er eit godt bilete på det eg held på med. Lat meg prøva: Eg starta ut med ambisjon om å gjera det best i mosjonistklassen. Saman mes slike som tek rastepausar og brått finn på noko anna under vegs. Det gjekk bra. Men so, plutseleg kom eg på at eg måtte koma i mål før det vart mørkt - her vil det seia før eg og lånekassen går lei - og so starta langspurten. Og der er eg no. Altfor langt att til mål, og altfor kort tid å greia det på. Iallfall med kondisen min. Korleis løyser ein det?

Biletet viser korleis det ser ut rundt meg der eg jobbar, og er nok ein god illustrasjon på korleis det ser ut inne i hovudet mitt òg.

Nokon som framleis lurer på korleis eg har det? Berre ring, men då må de snakka litt fag, ja.

 

Her kjem eg i frå!



Eg har jo ein tendens til å smila og å vera glad, og kanskje lurer de på kvifor det? Sjølvsagt kan det vera av di eg faktisk er glad og hyggjeleg, men det kan jo ha andre årsaker - kven veit? Bergens Tidende kan fortelja eit eventyr om kva som skjedde i kommunen min då eg var 14 år og som truleg har sett djupe spor i sjela mi og ikkje minst har forma ein kvar slogstril frå Sund til ei smilande sol. Kanskje starta det med Sundoptimisten i 1981-82? Men det tok vel av med gla'kommunen litt seinare. Vel uansett, her kan de lesa om kommuene som framleis smiler, 15 år etter.

Diverre fann eg ikkje noko bilete av den smilande Sund-sola, men eit gamalt og eit nytt Sund-fyrtårn det er ikkje so verst det heller?