Raggisland

Ei hjartesukkside

Å ta eit dikt

Ein kjend poet stal eit dikt ein gong og gav det ut som sitt eige. Ho meinte diktet var for godt til ikkje å verta publisert.

Eg har òg teke eit dikt ein gong. Men eg tok det frå ei t-banevogn i Oslo. Det var eit dikt av Olav H. Hauge, diktet vårt, tenkte eg og eg tok det for å ha det på veggen. Kjærasten min vart flau då eg gjorde det og gjekk ut ei anna dør, men dei eg høyrde seia noko i vogna, dei sa «Ho torde...».

I går fortalde eg om dette framfor ein fullsett sal på ein Hauge-kveld i hovudstaden.

 

Slogen


Endeleg kom eg meg opp på Slogen! Eller endeleg kom me oss opp på Slogen. For to år sidan byrja det å verta mørkt då me hadde 300 meter att til toppen og me måtte gå vidare til Patchell-hytta. Men denne gongen skulle ingenting hindra oss.
Bilen min prøvde å setja ein stoppar for turen, så gjekk ferja frå oss på Sæbø, men då me endeleg kom oss over fjorden låg alt til rette for ien fantastisk tur. Det skein opp, fjella og fargane viste seg frå sine beste sider. Bileta av 2 x Ragnhild på slogentur kan du sjå i flicker-albumen min til høgre. Tag: Slogen08.

 

Which Witch


I heile år har eg storgledd meg til å sjå Which Witch på Det norske teatret. Og framsyninga var heilt fantastisk. Rett og slett.

Teatermeldarane var ikkje samde etter premieren. Osloavisene meinte at stykket hadde vorte enno betre enn det var i originaloppsetjinga, medan arbeidsgjevaren min meinte at det ikkje var samanheng i historia og at den pompøse misikken og forteljinga ikkje passa i dei minimalistiske bibliotekkulissane på det norske. Eg er usamd.

For meg var det god samanheng både mellom kulissar, musikk og forteljing. Ja, eg forelska meg faktsik litt i dette.

Omsetjinga var veldig god, språket var forbausande godt (meir slikt Ola!) og skodespelarane/songarane var gode.

Dagens råd vert difor: Sjå Which Witch

 

Det går mot haust

Sommaren er brått over og det utan at eg har vore på ferie.

Eg har konkludert med at dette er siste sommaren eg ikkje skal ha ferie. Det er pinadø så lenge sidan sist eg hadde fri om sommaren at eg ikkje hugsar kva tid det var.

Difor skal eg lata som om eg har ferie så ofte eg kan, og reisa mykje meir enn eg har gjort siste året. No har eg ein ambisjon om reisa vekk kvar gong eg har ei langhelg og så skal eg laga ein album som heiter «Liksomferien 2008». Det skal minna meg om løftet om å ta skikkeleg ferie neste år.