Raggisland

Ei hjartesukkside

Fantastisk

De har sikkert fått med dykk at Kjartan Fløgstad har gjeve ut boka Brennbart, der han mellom anna går til åtak på Hans Fredrik Dahl og det han har skrive om målrørsla og krigen. Og Dahl får som fortent. Det er jo akkurat dette eg arbeider med i masteroppgåva mi og eg er ikkje nett misnøgd med at dette ordskiftet kom no!

Ut i frå det er har lese og arbeidd med siste året kan eg ikkje heilt forstå kvar Fløgstad evt tek feil og korleis Dahl kan skulda på feillesing av boka hans, men det er ganske interessant å sjå korleis dette hald fram. Særskilt interessant er det å sjå korleis Dahl og kumpanane hans forsvarar seg og kven som deltek evt ikkje deltek i ordskiftet. Og kanskje nett dette med resepsjonen av Norsk idehistorie band V og av Brennbart kan vera interesant å skriva noko om i oppgåva òg?

Ordskiftet kan de òg fylgja i Klassekampen.

 

Stor avgjerd

No har eg teke ei stor avgjerd. Eg har meldt meg av eksamen i haust. Eg har ikkje greidd å lesa på lenge og det er ingen grunn til å tru at eg kjem meg slik at eg får teke ekesamen om to veker.
Det kjennest litt godt. No må eg berre halda motet oppe og koma meg på føtene att.

 

Hersketeknikkar

Omgrepet hersketeknikkar har no fått nytt innhald, i alle høve for meg. Ikkje av di eg har oppdaga ein ny måte å hersa med folk på, men av di eg har opplevd fysiske hersketeknikkar på kroppen.

Kristin Halvorsen snakka i sist valkamp om korleis ho ofte la handa si på mannlege meddebattantar når ho tykte dei hadde sagt nok. Eit effektivt triks, forsto eg. Det opplevde eg altso i går.

Me var ein gjeng som arbeider saman som var ute. Det kom til nokre vener og etter ei god stund var me ei herleg blanding av vener, studentar, kollegaer, tilsette på høgskulen og praten går lett og stemninga er god. Me pratar om sport og lidenskap, og flirer av kvarandre. Ein av mediestudentane vil imponera læraren sin og kjem med ei utsegn om at sportsjournalistikken vart revolusjonert under førre fotball EM, då kjensler vart ein viktig del av dekkjinga av kampane. Eg kom med nokre innvendingar her. No skal eg ikkje freista å koma med ei lang grunngjeving, men eg meiner kjenslene til ein journalist har avgrensa interesse for lesaren. Det krev at du a) har sjølv sett kampen, b) er samd med vedkomande eller c) vedkomande må ha gode evner som litterært skrivande journalist. Dette trur eg kunne vorte eit godt og interessant ordskifte, men det fekk eg aldri oppleva.

Kva skjer?
Læraren, som no kjenner seg på heimebane, og likar å diskutera fag, noko som er heilt ok, legg handa si på armen min for å få meg til å avslutta. Og instinktivt avsluttar eg. Og med den rørsla og at han fysisk tok på meg feidde han meg ut av heile ordskiftet! Resten av ordskiftet fekk eg ikkje koma til ordet. Han som autoriteten her hadde sett meg utanfor og vende seg til gutane/mediestudentane og gjorde meg usynleg.

Sjølvsagt var eg i min fulle rett til å delta i ordskiftet. Eg, på same måte som alle dei andre som var til stades hadde rett til det. (Dvs meg og fire karar på det tidspunktet.) Men autoriteten plasserte meg på sidelina. Kvifor argumenterte han ikkje for kvifor han meinte at meiningane mine ikkje var interessante eller for at eg ikkje burde vera med i ordskiftet? Respektlaust, men typisk. Typisk er det òg at dette er ein person eg kjenner, er ven med og har eit godt forhold til på alle vis. Det gjer faktisk situasjonen verre for meg.

Då han gjekk, var eg på ny ein likverdig ordskiftepartnar, men då han kom att vart eg på nytt sett utanfor. Då var fleire av dei andre komne att, og eg kunne diskutera meir interessante saker med dei.

Då eg kom heim i natt vart eg liggjande i ein time før eg sovna og irritera meg over denne hendinga. Kvifor vart eg so paralysert av at nokon rørte ved armen min? Hadde eg reagert på same viset om han hadde lagt handa på låret mitt i staden? Hadde eg opplevd det like nedverdigande? Eg veit ikkje, sjølv om eg kanskje trur at utfallet hadde vorte det same. Og kvifor slo eg ikkje i bordet og sa at no får det faen meg vera nok?
Eg kan ikkje hugsa å ha opplevd dette før, og ein treng alltid trening for oversjå hersketeknikkar. Men fy so sint eg var!

 

Bil

No har bilen min fått nytt batteri og er so blid som berre det. Det er ikkje lommeboka mi, men eg har ein bil som går og det er ikkje lite berre det! Tenk om bilen slutta å tru at ho (bilen min er ei ho, ja) var ein fisk, og ikkje tok inn meir vatn. Det hadde verkeleg vore noko det.