Raggisland

Ei hjartesukkside

Slepp nynorsken til!


I morgon vert kanpanjen "Slepp nynorsken til" avslutta. Så har du ikkje skrive under enno, må du hiva deg rundt og gjera det HER og no! Send e-post til alle du kjenner i dag og minn de i om å skriva under.

 

Lokalavis og strilablod

I dag vil eg skryta litt av Vestnytt! Eg har ikkje tenkt å meina noko om innhaldet i avisa, men eg tykkjer dei er flinke til å henta inn nynorskskrivande journalistar for tida. Det er ikkje mange år sidan eg kanskje hadde skrive noko anna, men no altso: skryt.

Og so for alle dykk som ikkje veit so mykje om strilar, so kanskje de kan læra litt om de les Hmm i dag.

God helg!

 

Vinje får svar

I dag får Vinje, eh... Dahl svar i Dagbladet, noko som kan seiast å vera lysteleg lesnad. Vinje tykte tydelegvis ikkje at han og meiningsfellene hans fekk nok juling i fjor, og det er frydefullt at funna mine koma til nytte:). Ok, eg må sjå til å få skrive mi eiga oppgåve snart, eg veit det, men det skjer jo so mykje! Då eg valde meg masteroppgåve trudde eg heilt ærleg at eg skulle halda på med eit felt der ingenting skjedde, noko ingen var opptekne av og at eg kunne jobba i ro og fred og vonleg koma opp med noko som kanskje fekk eit oppslag i Møre eller noko slikt når eg ein gong vart ferdig. Det siste kan for so vidt framleis vera eit mål, men at emnet mitt var noko berre eg brydde seg om, er heilt tydeleg feil.

Det er heilt klart ein fordel at fiendane til nynorsken heiter Dahl alle i hop. Det gjer det jo enklar å hugsa. Men då vert spørsmålet: Er dei i slekt òg? Ser du nokre likskapar?


 

Eit siste sprell frå Vinje?

Finn Erik Vinje er nok ein gong på nynorskkrigsstien. For to veker sidan var det nynorskprosenten og mållova som var innfallsporten, no er det Quisling. Rett nok bomma Vinje med eitt år på Brennbartordskiftet, men det hindrar han ikkje i å ikkje sjekka kjeldene sine eller med koma med uhaldbare polemiske påstandar. Du kan sjølvsagt lesa desse i Dagbladet. Ok, det er eit faktum at Vinje bikkar 70-årsgrensa neste år og må gå av frå jobben som professor ved UiO. Difor ligg det nært å forstå desse siste utfalla mot nynorsken og brunskvettinga han driv med som nokre siste akademiske sprell frå mannen med rettskrivingsreglane.

No er Vinje korkje professor på området målrørsla, riksmålsrørsla eller på andre verdskrigen, og vert knappast oppfatta som ein autoritet på enmet. Likevel ynskjer tydelegvis å verta hugsa som mannen som gjorde alt han kunne for å ta knekken på nynorsken. Og diverre kan folk også koma til å tru på han om dei les tekstane hans. Eg har tenkt å skriva noko meir om sjølve teksten hans, og gjer eg det kjem det nok her òg ja. I mellomtida kan ein lesa eventyra til Vinje, og gjerne og til Langslet og Dahl og sjølve granske kjeldene desse riksmålsfolka nyttar seg av og so spørja seg om korleis i all verda dei får lov til å framleis sitja i professorata sine og eller nyta den respekten dei faktisk gjer - i mange krinsar. Elles kanskje ein kan føreslå at dei skal verta tittulerte som prof. i myteskaping og myteforvalting heretter?