Raggisland

Ei hjartesukkside

Pause

Dei nye, lange tekstane på sida mi ser ut til å la venta på seg. Ikkje det at det manglar på stoff å meina noko om. Det er berre å opna avisene. Der får du til dømes med deg at Erna Solberg skal slutta å vera snill med kommunane. No er det visst nok. Har ho nokon gong vore snill mot kommunane? Har eg gått glipp av noko her?

Elles kanskje du la merke til at Ariel Sharon skuldar den nye statsministeren i Palestina for ikkje å løfta ein finger for å stogga sjølvmordsbombarar, og syner til eit åtak for to dagar sidan. Men vart ikkje Abbas innsett i går?

Vel, det kjem nok til å gå ei stund til neste oppdatering òg, men eg reknar med å koma sterkt att i slutten av februar! Skriv gjerne brev til meg i mellomtida.

Forresten, kanskje de kan finna ein kur mot å vera sørgmodig? Det er stundom fint å vera slik. Og det er fint å vera ærleg og seia at slik er det. Men det er ikkje bra å vera i ein slik sinnstilstand for lenge. Når eg kjem att, skal eg tru på våren.

Ragnhild

 

Vår i januar

Ein time på fly og vinter vert til vår. Kom til Oslo i ettermiddag og det fyrste eg tenkte då eg kom ut av Austbanehallen var at dette var ein strålande dag for utepils! Ein brå, men sers fin overgang frå kulde og vind i Volda.

Vart ikkje utepils 11. januar, men Ardbegwhisky inne. Det smakar godt og tøft og gjer ein kveld perfekt, uansett korleis han er.

 

Uvêret Gudrun

Eg vakna av klokkeradioen i dag. Personen som las opp nyhenda, sa at uvêret Gudrun nærma seg. Då drog eg dyna over hovudet og tenkte at det er best å lata som om eg søv og ikkje høyrer henne. Syster mi heiter nemleg Gudrun og ho kan verta veldig sint. Sint som eit uvêr.

 

Om å våga

Korleis fortel du ein fyr at han er om å gjera ein stor feil, utan å skremma han? Kva skal ei tru når ein fyr seier: - Nei, eg er så lei for det, men det kan ikkje bli meg, samstundes som han seier det motsette med kroppsspråket, seier det motsette i alle dei andre orda han brukar og setningane han serverer? Kva gjer ein då? Og kva skal ein tru på?

Eg kjenner ein som er om å gjera ein stor feil nett no. Ja, eg meiner at han er det. Om han er forstår det, veit eg ikkje. Veit ikkje eingong om han er samd med meg. Men eg veit at han ikkje har snakka med jenta som er glad i han, og som han har kjensler for om dette. Eg trur han er litt redd for alvor. Og eg trur han tenkjer at då er det mykje lettare å seia nei, dra ned rullegardina, enn det er å tora å sjå om dette kan utvikla seg til noko fint. Eg trur det kunne vorte mykje fint, det han er om å gje slepp på no. Det er dumt for han. Og for henne. Men kanskje er det ikkje forseint?

Spør han meg, skal han få nokre gode råd om å våga. Men råd om menn? Det forstår eg meg ikkje på.

Ragnhild

 

Der var joleferien nesten over

Turen oppatt til Volda nærmar seg med stormsteg. Utruleg kor fort desember har tusla forbi. ikkje før drog eg frå Volda i byrjinga av desember, so er det januar!
På den andre sida er det ikkje mange månader som har ført med seg so mykje som denne desembermånaden har gjort. Eg har opplevd so vanvittig mykje kjekt og nytt. Har hatt ferie, vore på kjekke festar. Har teke det med ro, funne att litt av meg sjølv og samstundes opplevd korleis det er å leva i ein kropp når kjenslene oppfører seg som om dei sit i ein berg og dalbane. Heilt absurd.

No vert det ein kort tur til Volda, der eg skal gjera ein freistnad på å koma i gang med semesteret, før hovudstaden lokkar. Litt meir kjeldearbeid må eg vel freista å få unna før kurbadopphaldet ropar og dreg meg til Rogaland. Det er no som pokker, det òg. Det kjem eg attende til i mars, vil eg tru.

Og so skal eg freista å få skrive ein artikkel til om få dagar. Det er ikkje so lett, når eg ikkje greier å konsentrera meg. Skal prøva. Dersom eg får det til, skal eg leggja han ut når han kjem på prent. (Nei, det er ikkje ein om Astrid Søgnen eller om Høgre, men kan nok kanskje sparka litt i nyliberalistisk retning denne òg)

Ragnhild