Raggisland

Ei hjartesukkside

Kaker

Dersom ein set seg inn i kaketradisjonane til ulike familiar, trur eg ein kan oppleva mykje nytt og rart. Eg har sjølvsagt mine kakefavorittar: Blautkake, men ikkje kva som helst blautkake. Suksessterte, men det er ikkje det same korleis smørkremen vert laga. Erling Toft-kake, veldig god og uhyrleg søt (marsipan, trøffel, sjokolade, aprikos, trur eg) og mi eiga gulrotkake. Men det var ikkje mine kaker dette skulle handla om.
Eg er på jobb og serverer i ein 60-årsdag no. OK, litt til og frå. Her er det kransekaker og marsipankaker, men det er mengder av kaker eg aldri har sett! Og eg er ei røynd kakejente, berre for å ha sagt det. Nokre av dei ser mindre delikate ut, men du verda kor godt nokre av dei smakar. (Andre ikkje.) Spørsmålet eg eigentleg stiller meg er kvar dei har kome over desse kakeoppskriftene. Dei har truleg ikkje stått i noko glansa vekeblad, for dei kan ikkje gjerast elegante. Knapt nok i kokebøker, men dei er komne inn i ein familie og er heilt tydeleg noko som høyrer til på kakeborda. Her er det 70 stykk. 15-20 har teke med kaker og ei av tre kaker ser altso skummel ut. Korleis kjem folk på å baka slikt? Kvar møter dei desse kakemonstra? Og korleis fell dei for dei?

 

Bloggarane

No har eg selt den fyrste bilen min. Klara har fått ny eigar og eg er i stand tilå betala ned på lånet mitt. I alle høve litt. Samstundes eit eg og ventar på eksamenskarakterane mine. Trur eg har sjekka studentweb (sic) ørten gongar alt siste veka, men ingenting skjer. Eg er trass alt nervøs for korleis det har gått med meg.

Det er forresten heilt vilt korleis bloggarfamilien utvidar seg for tida! Magnus er attende etter lang tids pause! Og denne gongen på norsk! Straamannen har truleg funne ut at e-post er for eksklusivt, trykte medium set grenser, men at verdsveven kanskje er stor nok. Her kan de venta dykk ironi og sarkasme på 1917-normalen. Ingenting er vel artigare enn infam humor på slikt mål? Og so har gamleleiaren, ogso kjend under namnet herr Brunstad, teke steget ut på veven. Eg er imponert!

Møtte prof. Dahl onsdag. Ja, han kompisen min eg var på fjernsyn saman med og som eg har skrive om i Syn og Segn. Han held på med norsk pressehistorie og heldt innleiing om 1905. Eg lurte veldig på om han kom til å helsa på meg. Det gjorde han! Det vart ikkje høve til å veksla ord, i og med at eg kom seint og han skulle snakka fyrst, men likevel. Artig. (Han heldt eit heilt ok føredrag, altso. Denne gongen skulle han ja ikkje snakka om målrørsla og nynorsk og slikt...)

 

Nytt

Det er vår i Volda. Det regnar i bytter og spann, vinden tutar om novene før det i neste sekund skin opp. Fjorden ligg blå og heilt still.

Eksamen er overstått. Det er kanskje det beste. Ingvild og Arild leverte masteroppgåvene sine i går - til lukke! Tenk om det kunne vore meg! Same dagen søkte eg om nok eit år med studielån.

Byrja å flytta i går. Køyrde vekk ei billast med bøker til toppen av Volda. Enno er det mykje att. Godt eg skal få hjelp til å flytta. (Dumt at eg nesten ikkje kan hjelpa til sjølv av di eg må jobba.)

I morgon skal Studentmållaget i Volda samla inn underskrifter til Dagbladoppropet på Volda vgs! Det vert bra!