Treng å berre vera, ei lita stund berre
Semesteret et utan tvil i gang att. Og det er heilt klart siste semesteret som masterstudent. Eg skal levera til jul, men det står utruleg mykje att for at eg skal få det til. Sider må skrivast, tankar må tenkjast og kjelder må analyserast. Og eg synest det heile er uoverkomeleg.
Tårene sprett, brøla mot veggen vert høgare og eg har vel mest lyst til å stikka av, men det er ikkje noko å røma frå. Eg veit no det veldig godt.
Eg har rydda i kalenderen min framover og det er ikkje mykje anna enn oppgåva som fyller sidene. Men oppgåva er som ein stor, utflytande, grå ulldott som det ikkje er råd å få godt tak på. Den fyller boka, hovudet mitt, magen min og lesesalen, men eg prøver å kjempa i mot og koma under ulla.
Tone seier at dette berre er eit debattinnlegg. Det er mitt innlegg, mine argument. Litt lenger enn eit lesarbrev, litt lenger enn ein kronikk, litt meir underbygd, men det er det det skal vera. Eit debattinnlegg. Eg prøver å hugsa på det. Takk :)
No treng eg berre å vera. Berre ei lita stund, men treng plass til berre å vera. Og so, berre å skriva.
Det er vel slik det er å skulla slutta å vera masterstudent?