Raggisland

Ei hjartesukkside

5. desember

Eksamen er over! Hurra!
Der er ikkje å overdriva å seia at eg er godt nøgd med det. Og ein bonus er at eg faktisk har lært ganske mykje. Tekn: Aldri meir ein skuleeksamen - i alle fall ikkje på dette studiet. Fantastisk.
No har eg fjernlånt ein heil haug bøker til oppgåva mi som eg har nokre dagar å pløgja gjennom. Det vert stor stas. Endeleg kan eg berre tenkja på skrivinga, utan å ha dette etterslepet å tenkja på. Gler meg vilt til å koma i gang att.

So er fyrste julebordt òg unnagjort. Og det vart jo stas det òg. Men kjolen min - den er ikkje komen til butikken enno. Byrjar å sjå mørkt ut til fredag dette.

Elles har eg kjøpt «Flytande bjørn», og no kan eg byrja på den!

 

4 Kommentarar:

19:16, skreiv Blogger Ragnhild...

Til lukke med vel overstått eksamen!!! Eg skal òg på jole/julebord på fredag, med og på jobben min. Sidan eg har vore student i alt for mange år, og berre kjenner til NMU sine uskuldige jolebord, gler eg meg sjølvsagt veldig til å sjå korleis vaksne folk oppfører seg på jolebord;-)

 
21:58, skreiv Anonymous Anonym...

Eg har alt vore på vakse jolebord. Det var triveleg det jolebordet eg var på med avisa mi, men eg fekk ikkje med meg nokon skandalar eller slikt. Eg trudde sånt høyrde med.

 
22:43, skreiv Blogger Eva Marie...

Hurra for at du er ferdig med eksamen!!!!!

 
20:00, skreiv Anonymous Anonym...

du som er ferdig med eksamen og alt, kan du ikkje ta Natur og miljø eksamen for meg på tirsdag??? *smil*

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida