Raggisland

Ei hjartesukkside

12. desember

Attende i Volda etter ei traumatisk natt på nattbussen. Nattbuss er per def. traumatisk, og i dag treng eg ein fysioterapaut. Det knirkar i alle ledd og ein er trøyttare når ein kjem fram enn det ein er før ein set seg inn på bussen. Nett no seier det ein heil del om meg. Trøytt. Korkje meir eller mindre.

Fire juleselskaplegheiter på sidan fredag tek på. Julebordhøgdepunktet til no er den årvisse laange festen i Pilestredet og eg storkosa meg. Litt forvirra er eg kanskje no, men slik er det.

(Kjole fekk eg ikkje tak i, kom visst til butikken i dag, men slikt er inga hindring. Trur eg tok meg godt nok ut lell :)) Tjo-bing og god natt!

 

2 Kommentarar:

13:10, skreiv Anonymous Anonym...

Lite respons på klaging på nattbussen, men du har heilt rett i at nattbuss er noko elendig skrot. Håpar du har kome deg no ei veke seinare!

 
14:46, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takk for sympatien, ja. Eg har kome meg godt, trur eg. Har til og med køyrt meir buss etter det. Av eigen fri vilje - ok, og litt pga all snøen her.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida