Raggisland

Ei hjartesukkside

Sol? Kva er det?

Det er tid for eit lite sukk. For no har eg vore i Oslo i ei veke og det har enno ikkje vore fint ver. Grått og grått. Eg såg sola torsdag, og då kjøpte eg meg nokre nye solbriller. I Volda skin sola, heime skin sola - ja, det er finver overalt, berre ikkje i den byen der det liksom alltid er sol.

 

Færøyane

No syner NRK eit program om Færøyane. Eg har kjempelyst tilbake dit!

 

Kongar og kruner og herskarar

Det finst ikkje tvil om at eg tykkjer fusingane var rimeleg teite då dei avsette visekong Morten i fjor haust. No har eg likevel tenkt på at herskaren av Volda kanskje kunne lånt noko utstyr ved passande høve, men etter å faktisk ha lese denne saka i Neste klikk innser eg at det ikkje går. Elles vonar eg Morten har det bra, der han no lever i eksil. Dumt at eg aldri fekk koma og halda innleiing i det fusiske riket, slik planen var. Vitjingar før og etter visekongen vil uansett ikkje høyrast like bra ut som då eg var invitert av visekongen. Trist og leitt.
PS! Eg har framleis nokre teljarsteg att på kortet eg fekk av kongen sist me møttest...

 

Det folk vil ha?

Lurer du på kva folk eigentleg vil ha? Ballade meiner å har funne ut kva musikk folket vil ha. Og det er iallfall slik at p4 ikkje har forstått det... eller kanskje det finst fleire folk? Iallfall, i/av det folket som NPK har sett på her 800.000 høyra jazz, og 650.000 folkemusikk og gammaldansmusikk når dei slår på radioen. I morgon kjem FrP til å verta det største jazzpartiet. Garantert.
Ja, so veit de det, i fall nokon lurte.