Raggisland

Ei hjartesukkside

8. desember

I dag les eg korrektur. Det er eigentleg litt kjekt, for ein får jo lese mykje som ein elles ikkje hadde kome til å tenkja på ein gong!

Elles skal eg læra meg EndNote (meld dykk de som vil vera læremeistarar), skal på jobb på Rokken i kveld og skal pakka til turen i helga.

Var innom eit julebord i går òg. Det er heilt fantastisk når ein vert invitert til å eta god mat - gratis! Og ikkje minst med kjekke folk. Men eg måtte reisa heim tidleg so det vart ein roleg kveld. Desse juleborda på Rokken har vore artige fordi det har vore bra med diskusjonar. Serleg sundag, men òg i går. Men ein ting: At Venstre er eit genialt parti? Det er å gå litt langt, eller kva? Og når ein legg til "utan tvil" framfor, då har ein viska ut streken, meiner no eg.
Eller at det vert mindre onrop av at sladden skal vekk? Tvilar sterkt.

(No byrjar dette å minna om ein dagbok, det er vel ikkje heilt meininga. Kanskje det er av di det florerer av julekalenderar over alt? Og ein post pr dag vert nesten som ein julekaldener? Det er jo ikkje alltid det er gode eller kjekke ting i adventskalenderane heller... Men Erna Solberg har byrja irritera meg skrekkeleg att, og det same har eigentleg fleire politikarar, so det er kanskje på tide å sukka litt høgare att?)

Elles heiar eg på Bystyret i Oslo som flytter den amerikanske ambasaden ut i skogen på Vestkanten og vekk frå sentrum!

Og regjeringa har vedteke at det skal vera minst 40% kvinner i styra i aksjeselskap, elles vert selskapa tvangsoppløyste! Det kallar eg å smalla til. Eg heiar på regjeringa òg i dag.