Takk for alle gode lukkeynske!
Eg har forresten lagt merke til at dementi er litt i tida. T.d. er lodI enoT ei av dei som dementerer ting mest kvar dag. Difor har eg tenkt å innføra noko nytt på sida mi,
Dagens dementi! (OK, det var Arild sin ide.)Eg kan ikkje garantera at eg har noko å nekta for kvar dag, men eg skal prøva. I tillegg er
Ord for dagen noko eg òg burde ha, so lat oss berre innføra det òg. Det er sjølvsagt lov å senda inn framlegg til begge desse nye, faste spaltene. Er framlegga gode nok, stel eg dei tvert, er dei ikkje fullt so gode kan dei sjølvsagt krediterast innsendaren ;)
Dagens dementiEg har ikkje gifta meg inn i kongehuset for å få eit meldareksemplar av nye boka til Ari Behn.
Ord for dagenEin kan ikkje leva berre på bollar i omnen.