Raggisland

Ei hjartesukkside

Natt til julaftan

No er 24. desember komen og eg er snart ferdig med siste julegåva. Ok, so vert eg ikkje ehilt ferdig til jul, men eg kan gje vekk ei umontert jakke og so kan eg verta ferdig i romjula.

I Volda klaga eg litt over at det var so mykje snø då eg drog. Ekkelt å køyra opp i hjøgdene der eg bur. Det er på ingen måte noko problem her. 9 varmegrader og ikkje teikn til at det skal verta kaldt til i morgon. Eigentleg er det like mykje jul med regn. Det er jo oftast det her ute i havet, serleg på denne tida, men det er ganske fint når snøen dalar ned samstundes som kyrkjeklokkene ringjer jula inn.

Ok, eg kan godt innrømma det, eg går i kyrkja kvar julaftan. Det byrja med at mor ville ha ein time fri julekvelden, og skyssa oss andre avgarde til kyrkjes (300 m vekke), og so er det vorte tradisjon. Og det vert ikkje jul utan at eg har irritert meg over at det plukkar ut julesongar, som eg kan på nynorsk, på bokmål og at presten held mindre gode talar (t.d. happy birthday to Jesus og slikt) og so får å sjå kven andre eg kjenner som er heime til jul. For det er der me møtest - i kyrkja. Og so seier me god jul til alle desse me berre møter ein gong i året, altso i kyekja julaftan, og so går me heim i regn og vind og tenkjer at «det var no triveleg. No vert det jul». So om du lurer er det det eg skal gjera når morgondagen kjem.

God jul!

PS! Og so skal eg gratulera Steinulf med dagen.

 

1 Kommentarar:

04:24, skreiv Anonymous Anonym...

Jeg skulle så gjerne ha vært med deg i kirken i dag Raggis - er jo kjempekoselig å hilse på folk som du ser den ene dagen i året !

Men NESTE år - da skal jeg i kirken, og ha visning av nytt familiemedlem :-)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida