Raggisland

Ei hjartesukkside

7. desember

I går bakte eg kakemenn. Trur det var eit salgs spontant innfall for å laga julelukt i huset. Sette deig før eg gjekk på StiV-møte og bakte etterpå til bakgrunnslyden av nyhenda. Julesteminigsskapande? Nei. Men kakemennene vart gode. Kanskje eg til og med skal måla dei? Burde eigentleg kjøpt ein kakeboks òg. Må vel ned i gata likevel, for å halda liv i kjolemysteriet, eventuelt finna meg eit nytt plagg, som faktisk finst i butikken, som eg kan tenkja meg å ha på meg ferdag. Då kan eg kjøpa kakeboks òg.

Elles er eg komen vidare i Flytande bjørn, og Frode Grytten er framleis favorittforfattaren min. Må lesast. (Og so skal eg lesa Olaug si bok etterpå, og Tyl, sjølvsagt.)

Dagens store filisofiske spørsmål er: Kvifor i all verda vert ein av og til so frykteleg sjenert? Kvifor er det putseleg vanskeleg å berre stoppa og seia hei til nokon, føreslå ein kaffi eller slå av ein prat? I staden vert ein berre sitjande og smila fint og helsa forsiktig. Det lurer eg på i dag.Eg er jo eigentleg ikkje slik, eller er eg det? Nett no ser de slik ut. Det irriterer meg.

Elles skin sola, det er snø (ok, litt snø), halvkaldt, eg sit inntulla i ull på lesesalen og les om krigen. Mao alt er som vanleg.

 

7 Kommentarar:

20:33, skreiv Blogger Ragnhild...

Kven er han, kven er han? Kva med å spandera kakemenn på han? (Frå nyinnkjøpt kakeboks). Då kjem de alltids i prat om produksjonsprosessen bak kakemennene, og han vert mektig imponert over deg og ser kor godt kjerringemne du er. Og så kan du spandera kaffi, for det er jo ein god kombinasjon med både kaker og menn;-)

Hihi frå Ragnhild

 
09:50, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg skal ikkje skryta på meg noko som helst, men stiller berre spørsmål...

Spanderte kakemenn på Arild i går, men me kom aldri til prosessen. Me berre åt dei opp :)

 
10:09, skreiv Anonymous Anonym...

Ja, kvifor vert ein so sjenert, det lurer eg og på.

Og kvifor er det nokon det er so lett å flørta med, medan nokon berre får ein til å sjå ned i bakken og raudna og/eller berre seia brutale og usympatiske ting, for brått var det berre det munnen greidde?

og kvifor er det oftast lettare å flørta med dei ein ikkje har so veldig lyst på likevel?

Nei og nei, vanskeleg. Uff og Ufff, kan henda det er best å berre drikka seg full og sjå kva som skjer

elles gratulerer med ferdig eksamen!

 
10:40, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takk for det!

Sjølvsagt skjer slikt når det er snakk om flørting, men det skjer jo elles òg. Og det er alltid like irriterande. Og stundom har ein jo berre lyst til å verta kjend med nokon, men so - nei.

Men du har rett i at enerverande, keisame folk, dei er det aldri noko problem å snakka/"flørta" med. Dei er det verre å verta kvitt. Eg freistar å læra meg triks der òg, men trur eg er litt for hyggjeleg.

Gler meg til de kjem att frå Egypten!

 
11:31, skreiv Anonymous Anonym...

Det var gode kakemenn. Men eg såg vel ingen grunn til å spyrja um produksjonsprosessen. Er det slikt ein bør gjera? Kan henda noko å freista neste gong nokon syner bilete av ungen sin ("Fin unge, korleis laga de honom?").

Nei, eg trur nok ikkje at fokusering på kakebakingsprosessen er måten å få vedkomane person i tale.

 
18:47, skreiv Anonymous Anonym...

Eg trur at om du vert så sjenert er det eit teikn på at du er forelska. Då vert alt skumlare, for då vert alt liksom desto viktigare.
Og om du er forelska er det dessutan større grunn til å få losna på tungebanda og verte kjend med denne fyren. Helsing ho som veit best

 
00:59, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Litt is i magen no, gode ven. Eg er sjenert, ikkje forelska. Det treng ein jo litt tid på. Eg er rett og slett i det blyge hjørnet, og kjem eg ikkje ut av det kjem eg jo ingen veg med noko og kan heller ikkje falla for nokon. Det trur no eg. Men det finst jo nokre kjekkingar å kvila augo på her, ja. Kanskje, kanskje...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida