Raggisland

Ei hjartesukkside

Oslo

Eg har vel eigentleg aldri lengta attende til Oslo etter at eg flytte. Saknar vener, det gjer eg, men byen? No var eg nett fem dagar i Oslo. Fem dagar som gjekk altfor fort.
Me vitja eit utal redaksjonar i NRK i tillegg til TV2 og P4. Nett no har eg lyst å reisa i praksis ein eller annan stad i Dagsnytt evt i nyhendekanalen til TV2, men dette kan no endra seg.

Elles - veldig, veldig fint å møta vener att!

 

Eg var på Vestlandsrevyen

Kva gjer ungane i Førde når snøen ligg kvit? Dei gjer som andre born - skrir på akebrett og har det kjekt!

Måndag var Inger Synnøve og eg med Haugum barnehage i akebakken. Med kamera, mikrofonar og skiklede stilte me opp utan at me visste kva som venta oss. Overfalne av ivrige små fann me fort ut at å snakka med ungar ikkje heilt kan samanliknast med å intervjua byråkratar. Difor bytte me på å filma og å stilla spørsmål og vart gode til å improvisera i ulike situasjonar.

Heime att i redigeringsrommet fekk me klypt saman mange akebilete og gode kommentarar frå borna, og med god hjelp av Pogo pops fekk me til eit kjempeartig innslag som Vestlandsrevyen ville bruka i slutten av sendinga si. Dei kutta det litt ned, men me fekk saka vår på fjernsyn! Vil du sjå det som vart sendt? Klikk her og kos deg!

 

Opera og tresken

Tolvskillingsopera og fest til tidleg morgon - slik var helga i Førde.

Snøen laver ned over Førde, folk har influensa og flya kjem ikkje når dei skal. Me sit på loftet og skal læra oss å redigera filmklypp. Filminga og intervjua gjorde me på fredag og no skal det verta fjernsynssaker av det. Eller iallfall saken som kunne vorte brukt på fjernsyn. Dette er kjekt og vanskeleg, men det er utruleg kva eg lærer av ein tur ut med kamera!

Men samstundes som me jobbar og tullar på loftet vårt, drøymer me om varme strender og lang ferie. Det vert kanskje til sommaren?