Raggisland

Ei hjartesukkside

Unge, ufyselege høgregutar

Unge Høgre tiltrekkjer seg mykje rart og felles for dei ser ut til å vera at dei er blotta for folkeskikk. Likevel får dei posisjonar etter posisjonar og vert skrytte opp i skyene av leiinga si. Eg tenkte at eg skulle hengja ut eit par av dei her, til spott og spe.
Det at er framleis korkje likar unge Høgre eller gamle Høgre, gjer òg at eg forelskar meg hovudsstups i folk som skriv ting er er samd i om desse.

Her kan du nyta Marit Eikemo sitt påågjer med Torbjørn eøR Isaksen Heller dø enn Røe i Bergens Tidende.

For ikkje å snakka om den utruleg oppblæsne bokbrennaren frå Bergen, som ikkje kan forstå kvifor han vert kritisert for å brenna bøker i namnet åt valfridomen og det heilage Høgre? So kvifor ikkje samla eit par morosame lekkjer om den fjotten her?

Her skryt han av stuntet sitt: Harald brenner «spynorsken» i Bergensavisen.

Mållagsleiaren tek til motmæle mot historieløysa til HVH: Nazi-valgkamp! i Bergensavisen.

Og det held fram: Unge H bortforklarar seg i Brenner nynorsk-bok i tønneDagbladet, og får på pukkelen i Bergens Tidende og enno ein gong i Bergens Tidende og kritikken i Bergens Tidende held fram. Men so får HVH skryt av fylkesleiaren sin og vert framstilt som Hordalan Høgres store ljos, i Bergens Tidende. Men andre har òg høyrt om fyren, til dømes Monitor. Sjølv i avisa som sto for fyrsteoppslaget om korleis eitt av regjeringspartia våre vil driva valkamp, vert det teke eit oppgjer med guten, altso i Bergensavisen. Og i dag fekk høgreleiaren i Hordaland svar på rosemålingsinnlegget han hadde om denne politiske stjerna si, i Bergens Tidende.

Er det framleis nokon som lurer på kvifor eg ikkje likar Høgre?

 

Har røysta

I går leverte eg røysta mi i valurna på kommunehuset. Ein månad og ein dag før valet.

Ser at statsministeren er ute og åtvarar mot ein skiten valkamp i dag. Tjo-ho! Er det seg sjølv han åtvarar mot? Det er no verkeleg regjeringa som spelar opp til dess idiotvalkampdebattane og kranglane som har vore til no. Hadde ikkje gjort noko om dei kunne diskutera innhald og ikkje berre kor lite flinke dei andre er til å lesa eller rekna. Sukk!

Har de høyrt radiosnutten frå Kommunladepartementet som skal få ungdom til å røysta? Utruleg lite morosam, sjølv om eg trur han er meint å vera artig. Fjernsynsreklamen om å velja leverpostei er derimot litt elegant.