Raggisland

Ei hjartesukkside

Slue danskar

Heldigvis finst det folk der ute som har forstått korleis ting eigentleg heng saman. Puh! Men bloggar er ikkje til å stola på. Brått gjer Dagbladet eit triks og lenkja er endra. Jaja, alle bør no skriva nynorsk uansett, og det var det denne lenkja sa, sjølv om det var for å hindra ein slu, dansk plan om å fjerna nynorsken, slik at danskane kunne koma og overta alt :)

 

Finfint

I dag har eg sendt tekst til rettleiaren min! Hurra! No fortener eg ein klapp på ryggen eller noko slikt. Trur eg skal sjå Gymnaslærer Pedersen i dag. Det kan jo vera løn. Og eg har ny avtale om å senda meir tekst seinast om ei veke. No kan det byrja å svinga her - om eg får det til.

Anna gledeleg nytt er at Frode Grytten har fått Rivertonprisen for Flytande bjørn, og eg er jo litt forelska i han, Grytten altso, eller i tekstane hana iallfall, so eg vart veldig glad. Til lukke, Frode Grytten!

 

10000

Over 10000 har vore innom sida mi, og detutan at eg merka det. Kom brått inn som nummer 10063. Lurer å kven som var nummer 1000? Det er vel ikkje so verst det, eller? Er ikkje so lenge sidan eg la ut teljar og byrja oppdatera litt slik småskikkeleg?
Vel: Flagg, banner og kunstverk vert sjølvsagt reiste for slik ein høg gjest!

 

Snø, sommar og moro

Nettsidetrøbbelen forsvann av seg sjølv. Det var fint.

Sit og arbeider, men det er ikkje lett når du har sommarfuglar i magen, konsentrasjonssvikt i hovudet og snøen laver ned ute. I heimen her har me tenkt å ha ein demonstrasjon på skulen ein dag. Demo for sommar. Me skal ha slike fine handplakatar, der det skal stå "Sommar no!" og so skal me gå i sommarklede. Det vert bra!

I går var eg på Madrugadakonsert. Eg vart heilt overraska over kor gode dei eigentleg er og at det er mogleg å få til so god lyd på ein konsert som det dei fekk til. Laurdagen forsvann på fest, og eigentelg trur eg det var veldig fint. Kjekt hadde eg det iallfall.
Ny oppdaging: Hummar som nattmat er undervurdert (nei, det er ikkje jålete, berre kult).

 

Styrk drammensskulen!

I Drammen har kommunestyret funne ut at det er på tide å kasta nynorsken ut av ungdomsskulen. I sofall vil dei vera dei fyrste i landet som gjer nett det! Slike utspel gjev spalteplass i Drammens Tidende.

Ei god avis intervjuar sjølvsagt òg dei som kan verta råka av forsøket, elevane. Og det er her eg byrjar å verta uroleg. Dette fortener vel nesten eit eige oppslag, eller? Les sjølv:


FOR OG IMOT.
Tiendeklassingene Camilla Svennæs Bergland, Linn-Merita Dyrborg, Marte Johansen og Stefan Vågnes ved Børresen skole er delte i synet på nynorsk.
- Jeg ser ingen grunn til å kutte nynorsken. Den norske kulturen er bygd opp rundt nynorsk, mener Stefan.

Marte er enig.
- Hvis man behersker nynorsk, blir også bokmål enklere, mener hun.
- Nei, jeg synes nynorsk bare er forvirrende. Vi må fokusere på hovedmålet, mener Camilla, før hun legger til:
- Vi kan fortsatt lære om nynorsk litteratur, men vi trenger ikke skrive nynorsk.

Linn-Merita nikker.
- Vi bruker bokmål mest. Det er sjelden vi trenger nynorsk, mener hun.

Men Linn-Merita må innrømme én ting: Hun likte faktisk Knut Hamsuns "Victoria", selv om boken er skrevet på det hun selv kaller tung nynorsk.
- Den var utrolig fin, sier Linn-Merita.
- Nei, huff. Jeg leide den på lydbok, for jeg orket ikke å lese den, kommer det kjapt fra Camilla.


Eg er samd. Det er nok all nynorskundervisninga som er problemet til desse jentene.
- Endelig. Dette har jeg ventet på i mange år, sier norsklærer Geir Egil Norbom til avisa Drammens Tidende.

 

Nyttige idiotar

Det skriv Hilde Sandvik i BT i dag. Det handlar om lanseringa av Rosa Prosa sist veke og om korleis dei presenterer kvinner, om det absurde Dagbladet og mangelen på vilje til sjølvkritikk.
Ei kvinne kan altså ikkje representere seg sjølv, ei kvinne må iscenesetjast. Dette veit alle fotografane i Magasinet. Dei kjenner si Annie Leibovitz. Dei ? i dette tilfellet Agnete Brun - tenkjer: Hmmm, jenter, kåtskap. Eg tek dei med i Vestkantbadet: Av alle kvinnelege stereotypiar er våt kvinne den mest klisjéaktige. Det er her eg får lyst til å rope STOPP!!! IKKJE BLI MED!!!
Verd å lesa.