Raggisland

Ei hjartesukkside

Jau, jau

Var i Bergen i helga, på studentsamling. Olaug Nilssen las ferdagskvelden, men det gjekk eg glipp av. Eg var so vidt innom, litt for seint. Alt vart so stressande, fekk ikkje bilen til å gå so eg måtte ta buss. Det er no greitt i seg sjølv, hadde ikkje bussen teke so laaaangt tid. Vert heilt stressa av slikt.

Kan fortelja at det ikkje kom til biting på samlinga, ikkje til lugging ein gong. Og ingen valdelege vektarar var der. Må nok vera av di det var so mange smarte jenter der eller kanskje var det det at det ikkje var galningar der. Kven veit?

Samling var elles dritbra. Gode ordskifte og alt. Eg tykte til og med at eg heldt ei ok innleiing sjølv! Om nynorsk i høgrestaten. Trur eg skal leggja ut noko av ho her ein gong, men ho var skitlang, so eg må tenkja på det.

Eg melde meg inn i kvinnemannalaget i dag. Ok, eg er nok litt skeptisk til aksjonsformene, serleg når Skavland og mye og slikt vert nemnd, men kvifor ikkje? Eg likar ikkje alle mannalaga heller!!! Og det er no fullt lov å gjera. Eg har mange idear til kva dei kunne halda på med i staden for å knyta nynorsk eller mållag til oppslaga dei får. Men det kan eg skriva om ein annan gong.
Ragnhild

 

Oppgåver

Ei lita stund sidan sist eg skreiv noko her. Sidan den gongen har det hendt frykteleg mykje. Ikkje det at eg skal skriva om alt her, men noko kan eg nemna. No sit eg og arbeider med ei innleiing eg skal halda til helga. Den har fått namnet "Strategiar - nynorsk i høgrestaten". Ikkje eg som har gjeve punktet namn, altso. Hadde det vore meg, hadde ho vel heitt "Kle av og sei stygge, men sanne ting om nyliberalistane i Høgre", eller noko slikt. Men det gjer eg jo på denne sida heile tida, so dei som er interesserte i å vita kva eg meiner om Clemet & co kan no sjå det her. (Og det kjem meir, eg lovar.) So no må eg freista koma opp med nokre strategiar, eller seia noko lurt som kan få dei som høyrer på til å tenkja nye og lure tankar.

I tillegg til det skal eg òg snart halda ei innleiing om kva som finst av digitale kunnskapskjelder på internett. Det har eg aldri snakka om før, so over helga får eg setja i gang med det arbeidet. Spanande!

Elles er det nydeleg haust her nordvest. Sol og kaldt, men eg sit for det meste inne og les. I dag var det mørkt då eg sto opp, og det kjem til å vera mørkt når eg går heim. Får kosa meg med å kika ut på sola stundom, og tenkje at eg kanskje får tid til å drikka litt vin med nye og gamle vener ein kveld snart?

Ragnhild

PS! Takk for slagordet, fru Lur! No kniser eg òg.