Raggisland

Ei hjartesukkside

Ve te Bergen

Eg har jammen meg vore på med mi andre sak! Jippi!

I morgon reiser me til Bergen. Me skal vitja Vestlandsrevyen og sjå korleis dei lagar sending og so skal Linda Eide læra oss dei beste triksa for å laga god radio! Det gler eg meg til!

Elles kan eg fortelja dykk at arbeidsdagane framleis startar altfor tidleg og at det framleis er like vondt å stå opp midt på natta (dvs før kl 11) og at det nok er den verste delen av å prøva å verta vaksen.

 

Laurdag i Førde - i dag med sludd og litt snø.

Eg har vore på lufta! Fredag debuterte eg med innslag i NRK Sogn og Fjordane. Trallala! Det gjekk fort! Har berre vore her halvanna veke, so eg vart både stolt og glad då redaksjonen ville bruka det eg laga. Og so var det òg det fyrste intervjuet mitt. Vil du høyra? Klikk her, og so finn du det på nettsida mi på Nynorsk mediesenter. No vert det skummelt å laga neste sak...

 

Ei veke i Førde



No har eg snart vore ei veke i Førde. Eg har fått meg ein veldig fin stad å bu, har fått meg kjempe-kjekke sambuarar og er komen i gang på Nynorsk mediesenter. Eg har laga mine fyrste tullereportasjar og har erta opp litt folk i redaksjonen. Veldig kjekt å drivande gravande tullejournalistikk.

I helga var eg ein tur på Sandane og hadde ein kortvisitt av Brigt Ove, noko som var veldig kjekt! Mellom anna knuste eg han i backgammon (not), og me var på ein skikkeleg Førdetour i regnet. Eg storkosa meg, trass i veret.

I dag står Sogn og Fjordane på programmet - kva fylke er det eigentelg eg bur i? Det skal eg altso finna ut. Dersom de har tips til meg om noko me kan laga saker om her i trivselsfylket, so må de senda meg tips!