Raggisland

Ei hjartesukkside

Sidemål

Denne saka skreiv eg til Mål og Makt i vår, og stykkert vart prenta i siste nummeret før jul 2004. Tenkte eg skulle leggja det ut her, for moroskuld. Mykje har hendt etter den tid, og eg har skrive andre og lengre tekstar, men likevel. Kos dykk!

Her synsar eg om sidemål, dei sterke åtaka sidemålet har vorte utsett for i det siste og om kvifor våren 2004 vart ein krig om nynorsk, der ministeren tapte.

Då eg var ti år var eg i bursdagsselskap til ei jente i klassen. Der var det nokon som spurde kva me skulle gjera når me vart store. Det kom spontant frå ei av jentene at ho skulle byrja å skriva bokmål og flytta til nabokommunen. Det enda opp med at fire skulle skriva bokmål og flytta, medan to av oss skulle skriva nynorsk og verta buande. Kva me skulle utdanna oss til eller kva jobbar me drøymde om, kom ingen på å nemna.

På den tida rasa det ikkje nokon sidemålsdebatt. Me hadde alle nynorsk i skulen og foreldra våre var nynorskbrukarar. Me hadde rett nok ein klasseforstandar som ikkje var god i nynorsk og trøysta elevar som tykte det var vanskeleg å skriva med at dei kunne få skriva bokmål frå ungdomsskulen, men det var no det. På den tida var det nynorsk over alt i vår verd og det var framleis dårlege bilvegar og langt til Bergen.

No er det annleis. Korleis skal det gå med dei som er 10 år i år og får med seg kampen mot sidemålet i alle kanalar?

«Siste svette over nynorskeksamen» lyste ei overskrift mot meg på nettet her i vår. Eg gjorde eit søk på Kvasir på orda nynorsk og sidemål. «Her slipper du nynorsk» skreiv Aftenposten då det var avgjort kva skular i Oslo som ikkje skal undervisa i skriftleg sidemål frå hausten 2004, dersom dei får løyve til å starta ei forsøksordning.

Kvifor kjem dette no? Er verkeleg hatet not nynorsken so strekt?

Det siste trur eg i all hovudsak er sterkt overdrive, noko eg kjem tilbake til. Det kjem eg tilbake til, men fyrst: Kvifor kjem sidemålsåtaka no?

Ikkje sidan 1981-83 har me hatt ein utdanningsminister frå Høgre i Noreg. Dette var sist landet hadde ei rein Høgreregjering og ho vara i to år. Tore Austad styrde utdanningsministeriet. Etter det har ikkje Høgre vore dominerande i norsk utdanningspolitikk, før etter det siste regjeringsskiftet. Å tru på nemninga Samarbeidsregjeringa, om koalisjonsregjeringa i dag, må ein nok vera Krf-ar for å gjera. Høgre har på strategisk vis plassert seg sjølv i alle dei viktige plassane i regjeringa; og etter omrokkeringa til Bondevik har dei fått enno fleire viktige verv. Ansgar Gabrielsen, den mislukka næringsministeren, hadde ikkje site mange dagane som ny helseminister før sjukeheimsplassane brått skulle få ulike betalingssatsar, og prinsippet om likebetaling vart føreslege fjerna.

Sjølv om det gjekk nesten 20 år frå Høgre sist sat i utdanningsministerstolen og til Kristin Clemet fekk vervet, so er det mange som har ført god høgrepolitikk i mellomtida. Arbeidarpartiet og Bondevikregjeringane har lagt Noreg AS ut på børs, og dei har effektivisert, rasjonalisert, omorganisert, privatisert, kostnadsoptimalisert og konkurranseutsett. Dei har -isert det meste som kan -iserast, i god nyliberalistisk ånd. Og då Høgre kom til makta, (orsak Bondevik), var det meste alt gjort.

Kanskje var det ikkje Høgre som starta det heile. Det hadde vore rolege år i høve til sidemålet og den språklege jamstellinga i skulen, då utdanningsminister Reidar Sandal (AP) kom med framlegg til ny opplæringslov i mars 1997. Rett nok hadde ulike parti og grupperingar rasla med sablane kring bokbransjeavtalen, som pålegg bokhandlarane å selja lærebøkene til same pris, uansett stad og målform. Men Sandal og Ap gjorde framlegg om å fjerna retten til å få lærebøker og andre læremiddel til same tid og same pris, på nynorsk og bokmål. Eit overgrep mot nynorskelevane og mot prinsippet om lik rett til utdanning, som eg tvilar på at var serleg godt gjennomtenkt frå regjeringa. I alle høve hugsar eg veldig godt ei hjelpelaus Astrid Søgnen, den gongen statssekretær for Sandal (og medandsvarlag for alle framlegg som har kome for å føysa vekk nynorsken etter den tid, både frå regjeringar og frå Oslo kommune), som skulle intervjuast for å forsvara ministeren og framlegget, mot Kari Sørbø i Her og Nå. Dette må ha vore det artigaste eg nokon sinne har høyrt i eit aktuallitetsprogram. Elevane og Målungdomen stogga framlegget i mai same året, og Sandal vart taparen. Dette var eit umogeleg framlegg i 1997, men hadde det vore like utoleleg om det hadde kome i dag?

Det nye Høgre er fullt av nyliberalismens læresveinar. For fire år sidan prenta Mål og Makt ein artikkel med tittelen Nyliberale krosfararar. Eg las nett artikkelen oppatt og nikka attkjennande og tenkte at slik har det gått. Artikkelen kler av nyliberalistane og syner kven dei er og kva dei står for. Og det er desse som sit med makta i dag. I regjeringa og i media.

Tidlegare arbeids- og administrasjonsminister Morten Andreas Meyer sa i Dagsavisen 17. april i år at det mest meiningslause han hadde lært på skulen var å skriva nynorsk, eller for å sitera han «- Å skrive stil om uvesentlige temaer på et norsk målføre som ikke var mitt. Jeg ville heller ha brukt tiden til å lese mer av Tarjei Vesaas, Edvard Hoem og Aslaug Vaa. Slik tror jeg min begeistring for nynorsk ville økt gjennom skolegangen - ikke det motsatte.» Denne mannen fortel òg at han har Tony Blair som sin største politiske helt, av di han fylgjer opp Thatchers moderniseringsprogram, seier Meyer. Eit program han hevdar reduserer klasseskilnader og skaper høve for fleire til å lukkast. Han har truleg valt namnet moderniseringsminister sjølv - ein kan bli redd av mindre!

Det er ikkje serleg overraskande at politikarar på høgresida vil ha vekk sidemålet, og gjerne nynorsken i slengen. Høgre har aldri vore for nynorsk, men dei har ikkje sagt serleg mykje om at han bør fjernast dei siste tiåra. Eg har no tenkt at dei resignerte ein gong etter krigen og slo seg med kvart til ro med at nynorsken fanst. Ein «me får nok ikkje fjerna han, men me let vera å hjelpa til meir enn me må»-filosofi. Det som overraska meg i april var at ein minister går ut slik. Eg hadde venta meir av ein minister: Kanskje gjennomtenkte standpunkt og kanskje til og med intelligente svar med respekt? Eg levde framleis i ei verd der eg ikkje trudde at slikt var lov å seia.

Eg burde nok forstått at dette med intelligente svar var urimelege forventingar. Eg burde nok ha innsett dét etter at utdanningsminister Clemet å argumentera for kor vellukka nynorskundervisinga vert om ein slepp å læra å skriva språket. Ho freista ikkje ein gong vise til forsking, men til eitt avisoppslag om eitt sidemålsforsøk i Austfold. Seinare, då ho prøvde visa til forsking, synte ho til ikkje-eksisterande forsking på sidemål og ein rapport om skrivedugleikane til norskeelevar som handla om noko heilt anna. No er visst alt lov. Til og med for ein minister.

At slikt kjem frå Unge Høgre er me etter kvart vande med. Problemet er at Unge Høgre-folk òg vert vaksne, (i alle høve i alder,) og gjer karriere i partiet. Medan ungdomspartiet kombinerer fantasirik omgang med sidemålsfakta med dei kjende kampanjane om Spynorsk mordliste, eit uttrykk dei seks små strilane kjende godt då dei var 10 år og i bursdagsselskap, og La dem raute nynorsk; held vaksenpartiet seg til det fyrste, men kombinerer det med skulereformer og regjeringsmakt. Ein kan til dels orsake at ungdomsparti finn på forskingsresultat og nyttar kanonar i debattar, men bør ein utdanningsminister gjere det?

Det er ikkje mange år sidan Unge Høgre vann morpartiet sitt mot sidemål. Dei siste kulturmedvitne, reflekterte høgrefolka kapitulerte. Bunadshøgre er no vorten ei nemning for dei høgrefolka som kan koma til å ta på seg ein bunad i festleg lag, men kan ikkje lenger nyttast om ei line eller ein fraksjon i Høgre. Det hjelper lite i den krigen som har rasa i vår at Hallgrim Berg står på landsmøtet i Noregs Mållag å seier at det finst gode målfolk som òg er høgrefolk, av di ingen av dei som seier noko høgt i eller frå partiet er for sidemålsopplæring. Eg trur Berg på det han seier, men av dei ser det ikkje ut til å vera ein einaste får Bunadshøgre sentralt plassert i partiet lenger. Eg vert glad når Per Ditlev Simonsen og andre flotte høgrefolk snakkar om kunnskap og kultur, og reknar opplæring i både nynorsk og bokmål som del av ålmendaninga, men diverre ser dei ut til å vera reduserte til gallionsfigurar, utan makt.

Høgre har gjort det godt i vala dei siste åra og har fått inn mange unge representantar i fylkestinga. Samstundes har nok Unge Høgre mobilisert godt i organisasjonen sin på sidemålssaka. Siste året har åtaka mot sidemålet kome tettare og tettare, og det finst nok knapt eit fylkesting som ikkje har fått eit framlegg til Høgre om å søkja fritak frå sidemålsopplæringa opp til røysting. Det er heller knapt med lokalaviser som ikkje har fått tilsendt eit standardlesarbrev frå eit lokallag i Unge Høgre om at no må ein sleppa denne nynorsken. Ein lett gjennomskodeleg, men godt organisert kampanje frå høgresida, som av nokon vert oppfatta som eit enormt engasjement mot nynorsk og sidemål, mellom norsk ungdom. Eller rettare: mellom norsk Unge Høgre-ungdom.

Dette kunne sjølvsagt ikkje skjedd om ikkje Høgre hadde hatt utdanningsministeren. Dette hadde heller ikkje skjedd om det ikkje var so viktig Krf og Venstre å sitja i regjering at dei går med på det meste som vert føreslege frå Høgre. Alt for makta. Det kunne heller ikkje hendt om ikkje den nyliberalistiske verdsåskodinga hadde fått fullt gjennomslag i media og etter kvart fått styra tankane til vanlege folk. Ideane om at alt skal kunna reknast om i pengar, all verdi kunna målast i pengar, og at alt må kunna omsetjast på ein pengemarknad for at det er nytting for oss, har langt på veg fått etablera seg. Slik vil kulturfag og humanistiske fag koma dårleg ut i høgrestaten.

Heldigvis finst partia Krf og Venstre i hovudsak utanfor regjeringskoridorane, og saman med Ap og dei nye nynorskheltane, Sp, sette dei foten ned for den nynorskfrie Clemet-skulen. Framlegget mobiliserte heldigvis til kamp mot Clemet og fekk rista godt i folk som er vortne sløva av den nyliberalistiske høgreretorikken

PS! Lurer du på korleis det gjekk med dei seks små strilane som feira bursdag i 1987? Dei hadde sjølvsagt, som alle andre fått med seg kva nynorskmotstandardane sa, frå læraren, men òg frå andre hald. For tida bur ingen av dei korkje i heimkommunen eller i nabokommunen. Dei har ikkje mykje kontakt, men eg veit at ein av dei andre nett leverte masteroppgåva si på nynorsk - so dei to som skulle halda fram med å skriva nynorsk har halde ord. Vonleg har ikkje dei andre gjort det.

 

Debatt

Debatt
Det skjer jammen meg litt av kvart når ein er i hovudstaden. Eg kom til Oslo for å gjera litt kjeldearbeid til masteroppgåva mi, og brått sat eg på direktesendt fjernsyn.

Ordskiftet Fløgstad sette i gang med boka Brennbart er midt i blinken for meg og oppgåveskrivinga mi. Diverre er eg ikkje heilt i form og har ikkje vore det siste månadene, og hadde bestemt meg for å ta det heilt roleg no når eg skulle vera i Oslo. Verta dulla litt med og på gode dagar får gjort unna litt arbeid.

I hovudstaden er tempoet altfor høgt til å kunna slappa av. Det er ikkje noko nytt. Og eg er ikkje serleg flink til å seia nei til ting. Ikkje til å verta intervjua av Kulturbeitet i radio, og heller ikkje når eg vert invitert til fjernsynet for å diskutera målrørsla og NS saman med Fløgstad, Dahl og Hagtvet. Om du vil sjå, ligg programmet på nrk sitt Nett-fjernsyn.

Litt av ein debut som paneldebattant!

 

Debatt

Debatt
I kveld møtest Hans Frekkrik Dahl og Kjartan Fløgstad til debatt på Internasjonalen i Oslo, og eg er spend. Kom, kom, kom klokka 1830.