Raggisland

Ei hjartesukkside

Kvissmeistrar

I går vann Nervelaget haustrunden i kviss på Nelly her i bygda. So me møtte opp med is i magen, og halve laget på veg til Volda frå Vigra, (dei kom seint, men sterkt) og so drog me til og med i frå på siste runden. Ikkje verst. Gullmedaljar, diplomar og gåvekort.

Elles sov eg i går og før det las eg om Unge Høgre og korleis dei lefla med NS på 30-talet. Festleg lesnad! No var dei ikkje tilhengjarar av førarprinsippet, men elles gjorde dei mykje for å få Høgre til å gå enno lenger til Høgre, og laga ein sterk stat. Er dette relevant for oppgåva mi? Truleg ikkje i det heile. Mne greier eg å leggja det vekk og leita vidare i boka etter andre meir relevante ting? Nei. Hi, hi!

 

8 Kommentarar:

22:06, skreiv Blogger guffen...

"kom seint med sterkt"? hadde me med oss alkohol?

 
22:10, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Veit ikkje, eg? Hadde de?

Det høyrest uansett meir spanande ut om eg skriv "med" enn "men", eller kva?

 
14:12, skreiv Anonymous Anonym...

Dette kan forklare kvifor namna dykkar verka noko suspekte. Både med og utan fløt(r)e.

 
19:46, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

No må du forklara kva du meiner her, klingklang! Eg heng ikkje heilt med. (Det kan sjølvsagt vera nervene)

 
15:43, skreiv Anonymous Anonym...

Sigeren var dykk vel unt! Håper du finn ein kjole til det store juleborde'.

 
19:26, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takk for det, men kan du ikkje gje eit hint om kven du er?

 
12:22, skreiv Blogger guffen...

frk. bjoreg,
eg fattar ikkje kvifor folk skal bretta seg ut med fullt namn overalt, og kjem difor ikkje til å røpa kven klingklang er. men eg kan godt gje nokre hint - fyrste delen av ordet viser kvifor ho ikkje kan vera med på kviss, og, ja, det gjer vel andre delen av ordet òg.

 
14:17, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ja, eg lurte litt på om kanskje det var nokon eg hadde snakka med måndagen, ja. Takk, Guffen!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida