Raggisland

Ei hjartesukkside

Godt nytt år!

Godt nytt år, alle saman!

2005 har kanskje vore det nest raraste året eg har opplevd og har vore so fullt av inntrykk, at det er uråd å oppsummera det.

Eg har sett eitt stort, feitt punktum i år og definitivt gjort meg ferdig med 2002-2005 for alltid!

Elles vart eg tante, mista ei bestemor, var på A-HA-konsert i Frognerparken, flytta inn på Riksarkivet, gjort meg ferdig med verdas siste skuleeksamen, funne ut at eg likar studentlivet svært godt, vore politisk sekretær, har bytt ut bilen, vore i Kirkenes, Tromsø, litt for mykje i Oslo og har vitja dei fleste venene mine landet rundt. Har byrja å dansa, fått altfor mange nye verv og har hatt ein heidundrande kjekk desember.

Men eg tykkjer kåringar er artig. Kanskje me skulle kåra høgdepunkt og nedturar her? Tiril Rem har ein artig gjennomgang i D&T her. Men å kåra årest dust, helt, hending - det er eg fort og det må eg kanskje gjera. Skal prøva å henta inspriasjon og idear i kveld på festen.

Hipp hurra for 2006!

 

1 Kommentarar:

17:41, skreiv Anonymous Anonym...

Om du skulle kåra årets hending(2005), så tenkjer eg at det blir at du vart tante til VERDAS FINASTE prinsesse.....

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida