Raggisland

Ei hjartesukkside

Slett studiegjelda!

Eg har betalt mitt fyrste avdrag til lånekassen og det gjorde meg ikkje glad.

Kanskje hadde eg trudd at eg skulle tenkja: No er eg vaksen. Eller kanskje var det endeleg ferdig med studentlivet-kjensla som skulle koma?

Same kva eg måtte har tenkt - det skjedde ikkje.

I staden tenkte eg: Gratis utdanning? My ass! Her har eg studert meg både klok og vis og lutfattig. No skal eg betala 7.500 i terminen, eller 2.500 i månaden til staten i uendeleg mange år. Og det på ei løn som ligg langt under det lærarane og andre får for berre halvparten så lang utdanning.

Så kor mykje pengar må eg då tena for å ha råd til å kjøpa meg leilegheit, greia lånet og faste utgifter og samstundes ikkje sitja att med mindre pengar enn eg hadde medan eg framleis fekk studielån? Er det meininga at akademikarar skal måtta ha fleire jobbar for å få ting til å gå rundt.

Knurr!

Så dette er vel ein desperat appell til alle som er ferdige med både utdanning og studielån - hjelp meg med å sletta studiegjelda mi! Kjenner du litt medynk med meg eller tenkjer at du har litt til overs: Det er berre å setja inn pengar på 3624.23.58125.

Sukk, sukk, hjartesukk.