Raggisland

Ei hjartesukkside

Hurra for 17. mai!

Posten som forsvann! Eg greidde sletta posten om 17. mai då eg la ut ein ny i stad. Pokker òg. Alltid synd når harde åtak på Høgre forsvinn. Denne gongen var eg sint på Bondevik òg, og det handla om 17. mai for alle, norske flagg og andre flagg. Synd for dei av dykk som aldri fekk lesa meisterverket. Slikt skjer.

Ragnhild

 

Høgrearrogansen

Noko har skjedd dei siste 10 åra. Alle veit at parti som Høgre aldri har hatt serleg mykje til overs for målsak, nynorsk og i alle høve ikkje for sidemål. Men fram til no har dei ikkje snakka noko om det, og kanskje funne seg til rette med at det er slik det er. Nett det vil eg ikkje spekulera i, men det som er sikkert er at til og med Høgre har greidd å te seg sømeleg når dei har diskutert nynorsk og sidemål.

No står dei fram, ein etter ein i Dagsavisen, og då snakkar eg ikkje om høgrefolk ålment, nei. Eg snakkar om ministrane, som den nye arbeids- og administrasjonsministeren, Morten A. Meyer. Dagsavisen spør kjende fjes ei mengd like spørsmål, og eitt av desse er: Kva var det mest meiningslause du lærte på skulen? Eit spørsmål som eg i utgangspunktet vert irritert av å lesa og over at dei stiller. Som om kunnskap er meiningslaus? Svara frå desse kjende fjesa seier oss noko om kven dei er og mange avslører at det ikkje er nokon grunn til å sjå opp til dei, spør du meg. Men det at Siren Sundby, seglaren, seier at ho ikkje likte nynorsk, er no likevel noko anna enn at ein minister går ut og seier at det var nok nynorsk det, gitt!. Då har det gått for langt.

Er ikkje denne Meyer minister for meg, nynorskbrukaren òg? Han snakkar om at det var meiningslaust å læra eit målføre han aldri kom til å få bruk for. Ein ting er no at mannen er kunnskapslaus og ikkje veit skilnaden på målform og målføre, ein annan ting er at han som sjef over arbeidsmarknaden i heile Noreg seier i avisa at han ikkje kjem til å nytta seg av eit ord nynorsk, det er vilt av ein minister, det! For det er det han seier når han svarar at han aldri vil få bruk for det. Han kjem ikkje til å svara på eitt einaste brev på nynorsk eller laga korkje stortingsmeldingar eller anna på nynorsk. Slik er det i det departementet. Eg skriv meg det bak øyra. Det er mest som om dei skulle vorte vitja, desse i høgreregjeringa og teke eion prat med dei. Ein kunne til dømes opna slik: Visste du det, at nynorsken, han vart ikkje funnen opp for at du skulle tvingast gjennom ein eksamen? Veit du at folk her i landet faktisk skriv nynorsk? Har du høyrt at me har både bokmål og nynorsk i landet? Veit du kva favorittordet dykkar betyr? Det mangfaldsordet, veit du? Og har du høyrt om å respektera andre?
Kva er dette for ein konservativ maktarroganse? Trur han at eg friviljug og med glede skal betala skatt ei regjering som ikkje respekterer meg og rettane mine? No er det vel snart på tide at nytnorsk folket seier opp sin del av samfunnskontrakten. Det har tydelegvis dei som skal styra på vegner av oss alt gjort.

Professor og bygdeforskar Reidar Almås seier det i Sunnmørsposten i dag: - Det foregår ein svertekampanje mot distrikta der enkelte prøvar å framstilte oss rasistar og valdsfikserte seksualforbrytarar som har heimebrent på bakrommet. Sterke krefter i både TV, aviser og filmbransjen prøvar å sverte distrikta, sa Almås.

Overfor Sunnmørsposten utdjupa han på følgjande måte: - Det er spesielt dei unge journalistane frå hovudstadsmedia som står bak dette. Dei er representantar for dei nye urbanistane som ser det som ein føresetnad at ein må ta rotta på bygdene for å få fremja urbanismen, seier han. Og han seier mykje interessant i den reportasjen.

Almås meiner dei nye urbanistane prøvar å omdefinere kva bygde-Noreg står for.
- I det norske nasjonsbyggingsprosjektet har bygda og bygdekulturen vore sett på som noko positivt. Men ulike aktørar i samfunnsdebatten prøvar mellom anna gjennom sin hets mot bøndene, åtak på distriktspolitikken og kamp mot nynorsken å sverte bygdekulturen. Vi står midt oppe i ein tøff kulturkamp der ulike aktørar finn sine roller både medvite og umedvite, seier han.


Endeleg er det nokon med pondus som kan gå ut å seia dette som NMU og andre har hevda i mange år. Og kanskje kan han få litt blest om det. (Ja, les meir i Sunnmørsposten)

Nei, ver snille - ikkje finn på å røysta på denne nyliberale, arrogante, kunnskapsfattige oslopøbelen ved neste val!

 

Eksamen

Kanskje var eg full av solstrålar og annan galskap då eg skreiv førre meldinga. No har eg sete oppe døgeret rundt for å få ferdig ei forferdeleg eksamensoppgåve. Det har eg enno ikkje greidd. Det triste er at sjølv om denne oppgåva skal inn i dag, so kjem det nye innleveringar rundt kvar sving. Kvar veke i ein månad frametter har eg innleveringar! Heilt forferdeleg. Og eg får jo knapt tid til meina noko eller sukka på sida mi. Triste saker!

Gle dykk alle som ikkje har eksamenar å stri med!