Raggisland

Ei hjartesukkside

24. oktober

Eg måtte sjakka telefonen for å finna ut kva dag det var i dag. Men det fann eg ut, og eg kan fortelja alle at det er SN-dagen og at morbror har bursdag.
I dag står eg fast. Får ikkje til so mykje. Difor har eg drukke mykje kaffi og alt vore to turar i kantina. Hadde eg sete på skulen og arbeidd, hadde ikkje det vore noko rart, men når eg sit heime... Då er det litt rarare.
Var oppe klokka 0530 i dag og køyrde Bjørn til flyet og kl 0810 var eg på butikken og handla.

Elles har eg ilt i kjeven. Dokteren sa at eg ikkje får lov til å tyggja på to-tre veker. Difor skriv eg om litt kjent Hopalong Knut-stoff: Du kan ta meg med deg heim
og så kokar du suppe til meg! Det blir nok godt og eg skal få det ned:)

(Lurer på å gå til ein tannlege og sjekka om det kanskje er noko han kan gjera.)

Dagens dementi
Eg har ikkje utelete Oddmund neprakstU frå aktualitetsprogrammet mitt av surmaga årsakar. Det berre vart sånn.
(Ein framtidsvisjon)

Ord for dagen
Skjerp deg!

 

4 Kommentarar:

17:49, skreiv Anonymous Anonym...

Jepp, det er noko tannlækjaren kan gjera: Han kan gje deg biteskinne, slik lekker, blank plastsak som du tygg på om natta, for å spara tenner og kjevemusklar. (Du blir berre sjåande litt ut som Steffen Tangstad i hans glansdagar).

Det fekk eg då eg var student, og har måtta bruka det sidan.

Og elles: Berre skriv! Du kan hiva det ubrukelege etterpå, kanskje snik det seg inn nokre setningar som faktisk kan brukast òg.

Lukke til!

 
15:57, skreiv Blogger Jens Kihl...

Utruleg gode dementi for tida. Saftige, krasse, direkte. Eg gjev meg over, Ragnhild; du slår til på nytt. Ser deg kanskje i november? (Eliabeth og eg skal til Volda då.)

 
16:10, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg prøver, Hege. Eg prøver, men no gjev eg snart opp. Det er iallfall godt at de der ute oppmuntrar meg:)

Ja, eg hentar mykje god inspirasjon frå gode nettvener til dementia mine.
Nett no trur eg berre at eg kan dementera at eg nærmar meg slutte npå oppgåva, men det er ikkje so saftig.

Eg vonar no at eg ser deg når du stikk nasen innom Volda, men eg trur ikkje du skal rekna med at eg er særleg sosial. Med litt flaks kan du få lov å koma og laga middag til meg, medan eg skriv fingrane av meg :)

 
18:52, skreiv Blogger Jens Kihl...

Nei; eg har skaffa meg både yngre og heitare deitar enn deg. Kanskje saftigare, krassare og meir direkte òg? Men kanskje eg fiksar middag til deg. Gjer deg klar for rixmaahlsgryde.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida