Raggisland

Ei hjartesukkside

I dag er det fredag

Det står veldig mykje rart i bøkene eg fossar gjennom for tida. ein kan trygt hevda at stilen har endra seg ein smule på 60-70 år. Det som eigentleg overraskar mest er kor sarkastisk og frekk det var greitt å vera. Polemiske bøker er artig å lesa.

Og avisene. Lange, fyldige artiklar. Ingen, eller knapt bilete i det heile. Og dårlege vitsar. Vitsar frå 1937? Dei er so dårlege at dei knapt kan samanliknast med Se og Hør.

Kva tid skal blada på trea ute skifta farge? Her er mest alle trea framleis sommargrøne og skal eg tru eksamensnervene mine nærmar november seg med stormsteg. Burde ikkje blada snart verta gule og raude og slikt?

Ord for dagen
Gje ikkje opp utan kamp

Dagens dementi
Du blir ikkje stor og sterk sjølv om du går ut i regnet når du kjenner deg so lita som ei ert.

 

2 Kommentarar:

12:35, skreiv Blogger Magnus...

Når overmakta er for stor er det lurt med taktisk retrett. Lev vidare for å kunne kjempa ein annan dag.

 
16:52, skreiv Anonymous Anonym...

er det mao (eller sun tzu) som har sagt dette eller er det magnus bernhardsen som har tenkt det ut heilt sjølv?

I alle fall er det godt sagt og god trøyst. Eg skal klyppa det ut og hengja det opp på veggen i det nye huset.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida