Raggisland

Ei hjartesukkside

Nye spalter

Takk for alle gode lukkeynske!

Eg har forresten lagt merke til at dementi er litt i tida. T.d. er lodI enoT ei av dei som dementerer ting mest kvar dag. Difor har eg tenkt å innføra noko nytt på sida mi, Dagens dementi! (OK, det var Arild sin ide.)Eg kan ikkje garantera at eg har noko å nekta for kvar dag, men eg skal prøva. I tillegg er Ord for dagen noko eg òg burde ha, so lat oss berre innføra det òg. Det er sjølvsagt lov å senda inn framlegg til begge desse nye, faste spaltene. Er framlegga gode nok, stel eg dei tvert, er dei ikkje fullt so gode kan dei sjølvsagt krediterast innsendaren ;)

Dagens dementi
Eg har ikkje gifta meg inn i kongehuset for å få eit meldareksemplar av nye boka til Ari Behn.

Ord for dagen
Ein kan ikkje leva berre på bollar i omnen.

 

2 Kommentarar:

14:33, skreiv Blogger Magnus...

Har du gifta deg inn i kongehuset!!??

Så kult! Men eg tykkjer eg burde vore invitert i brudlaupet.

 
15:15, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg likar å underhalda og difor kjem eg ikkje med fleire dementi eller stadfestingar i dag, sjølv om Magnus verkeleg ber om noko her. Eitt av poenga med dagens dementi må vera å opna for nye, slik at ein kan halda det gåande.

Elles reknar eg med at unge Bernhardsen kan verta ein ivrig bidragsytar til spalene mine.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida