Raggisland

Ei hjartesukkside

Sidan sist

Eg:
- er attende i Volda
- har hatt Tone Helene på vitjing
- hostar litt
- drikk store mengder kaffi
- har fått ny eksospotte på bilen
- treng ein sekretær
- har vore på intervju ved Nynorsk mediesenter i Førde
- tenkjer på at eg kanskje flytter frå Volda om tre månader, og veit ikkje om eg likar tanken
- er melankolsk
- ser meg ut jobbar i Volda som eg skal søkja på
- er blakk
- drøymer om grønare gras, betre tider og store oppvakningar

Elles er alt som vanleg.

 

4 Kommentarar:

16:22, skreiv Blogger Eva Marie...

kva med å flytta tilbake til oslo?

 
16:51, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

eit problem er jo at eg ikkje har lyst til å bu i oslo. me får sjå kvar eg får meg jobb:)

litt artig at me laga sidan sist-postar begge to samstundes!

 
13:09, skreiv Blogger austsida...

No som dei nye praktikantane er offentleggjort på heimesidene til Nynorsk Mediesenter, er det vel på tide med ein offisiell gratulasjon. Hurra!

 
13:14, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takkar og bukkar!
Hmm... lurer på korleis det halvåret kjem til å bli :)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida