Raggisland

Ei hjartesukkside

Finfint

I dag har eg sendt tekst til rettleiaren min! Hurra! No fortener eg ein klapp på ryggen eller noko slikt. Trur eg skal sjå Gymnaslærer Pedersen i dag. Det kan jo vera løn. Og eg har ny avtale om å senda meir tekst seinast om ei veke. No kan det byrja å svinga her - om eg får det til.

Anna gledeleg nytt er at Frode Grytten har fått Rivertonprisen for Flytande bjørn, og eg er jo litt forelska i han, Grytten altso, eller i tekstane hana iallfall, so eg vart veldig glad. Til lukke, Frode Grytten!

 

1 Kommentarar:

18:45, skreiv Anonymous Anonym...

Hurra for deg! Og hurra for Grytten! Noko av det artigaste var at dama på TV2 kalla han Gryttan :D Då tenkte eg på teksten hans i Syn og segn.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida