Raggisland

Ei hjartesukkside

Nyttige idiotar

Det skriv Hilde Sandvik i BT i dag. Det handlar om lanseringa av Rosa Prosa sist veke og om korleis dei presenterer kvinner, om det absurde Dagbladet og mangelen på vilje til sjølvkritikk.
Ei kvinne kan altså ikkje representere seg sjølv, ei kvinne må iscenesetjast. Dette veit alle fotografane i Magasinet. Dei kjenner si Annie Leibovitz. Dei ? i dette tilfellet Agnete Brun - tenkjer: Hmmm, jenter, kåtskap. Eg tek dei med i Vestkantbadet: Av alle kvinnelege stereotypiar er våt kvinne den mest klisjéaktige. Det er her eg får lyst til å rope STOPP!!! IKKJE BLI MED!!!
Verd å lesa.

 

2 Kommentarar:

16:57, skreiv Anonymous Anonym...

Det var ein bra arikkel. Eg må innrømma at eg vert litt forundra over alle desse som klagar over at ein får andre sitt sexliv pressa opp i andletet med rosa prosa-boka, eller når damer skriv om kåtskap og puling (same om det er fiksjon eller doku eller sant), medan det til dømes ikkje er ein kritikk eg har høyrt i samband med gymnaslærer pedersen-filmen. (Kor interesserte er me i Solstad/Moland sine seksuelle fantasiar?) Er det sånn at kåte damer er greitt, men når dei byrjar prata, vert det slitsamt?

Eller for å sitera ein kjend popsong om korleis damer bør vera: "You say it best when you say nothing at all", eller på norsk: "Hald kjeft, kjerring"

 
10:14, skreiv Blogger Magnus...

Eg er samd med Gudrun her. Eg meiner, det er jo ikkje slik at Dagbladet ikkje hadde laga sak om ein eller anna gruppe damer som gjekk i bad eller på spa denne månaden om ikkje Rosa Prosa kom. Om ein ikkje liker at Dagbladet skriv om slike ting må ein slutta å lesa Dagbladet , og om ein les Dagbladet er det betre at dei intervjuar folka bak Rosa Prosa enn mange andre dei kunne funne på å ta med seg på Vestkantbadet.

Eg hadde den beste tv-opplevinga mi nyleg då Martine Aurdal og Tonje T-(noko) vart intervjua av Vår Staude og han andre fyren på TV2. Hahaha. Men så liker eg ikkje Vår Staude då.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida