Raggisland

Ei hjartesukkside

Snø, sommar og moro

Nettsidetrøbbelen forsvann av seg sjølv. Det var fint.

Sit og arbeider, men det er ikkje lett når du har sommarfuglar i magen, konsentrasjonssvikt i hovudet og snøen laver ned ute. I heimen her har me tenkt å ha ein demonstrasjon på skulen ein dag. Demo for sommar. Me skal ha slike fine handplakatar, der det skal stå "Sommar no!" og so skal me gå i sommarklede. Det vert bra!

I går var eg på Madrugadakonsert. Eg vart heilt overraska over kor gode dei eigentleg er og at det er mogleg å få til so god lyd på ein konsert som det dei fekk til. Laurdagen forsvann på fest, og eigentelg trur eg det var veldig fint. Kjekt hadde eg det iallfall.
Ny oppdaging: Hummar som nattmat er undervurdert (nei, det er ikkje jålete, berre kult).