Raggisland

Ei hjartesukkside

Kongar og kruner og herskarar

Det finst ikkje tvil om at eg tykkjer fusingane var rimeleg teite då dei avsette visekong Morten i fjor haust. No har eg likevel tenkt på at herskaren av Volda kanskje kunne lånt noko utstyr ved passande høve, men etter å faktisk ha lese denne saka i Neste klikk innser eg at det ikkje går. Elles vonar eg Morten har det bra, der han no lever i eksil. Dumt at eg aldri fekk koma og halda innleiing i det fusiske riket, slik planen var. Vitjingar før og etter visekongen vil uansett ikkje høyrast like bra ut som då eg var invitert av visekongen. Trist og leitt.
PS! Eg har framleis nokre teljarsteg att på kortet eg fekk av kongen sist me møttest...

 

2 Kommentarar:

16:02, skreiv Anonymous Anonym...

Kven er herskaren av Volda?

 
21:43, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Kven det er? Veit eigentleg ikkje om herskaren av Volda er rett nemning... Men å svara på det, det får den evt personen, om han finst, gjera sjølv :)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida