Raggisland

Ei hjartesukkside

Sol? Kva er det?

Det er tid for eit lite sukk. For no har eg vore i Oslo i ei veke og det har enno ikkje vore fint ver. Grått og grått. Eg såg sola torsdag, og då kjøpte eg meg nokre nye solbriller. I Volda skin sola, heime skin sola - ja, det er finver overalt, berre ikkje i den byen der det liksom alltid er sol.

 

4 Kommentarar:

16:11, skreiv Blogger Jens Kihl...

Er det no nokon skal reisa seg og seia "Men me hev ljos innvertes"? Eller vart denne historiske repikken utsliten ein gong for alle då Jon Eikemo sa han på fredag?

 
16:53, skreiv Blogger Magnus...

Eg må seia at eg ikkje forstår kva folk skal med fint vér på eit landsmøte. På arbeidardagen, derimot, kunne det godt vore sol. Då hadde eg kanskje orka å vera ute lenger enn til klokka 1530 i går.

 
21:28, skreiv Anonymous Anonym...

Arbeidardagen min vart markert ved å gå på det lokale 1. mai-møtet. Der var det talar om høge bensinprisar, og at me måtte få gasskraftverk. Ikkje song me Internasjonalen heller.
Særaste 1.mai eg har vore med på. Men gemalen vann ei gedigen fruktkorg. Det var då noko.

 
10:54, skreiv Blogger Ragnhild...

Men NO er det sol!!!! Ho skin inn vindauget på kontoret mitt og rett i andletet. Skulle vore mogleg og blitt brun gjennom glas!:-)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida