Raggisland

Ei hjartesukkside

Hårsåre politikarsutrekopppar

Denne våren har aviser og etermdeia vore fulle av sutrande politikarar som med hjelp av eigne hersketeknikkar kritiserer alle andre politikarar for å driva med hersketeknikkar. Hallo i uken har synt dette tydeleg i kvar einaste sending, utan at stortingspolitikarane, som påstår at det er eit viktig program dei alltid høyrer på, har teke det til seg.

Desse politikarane, som har klyppekort i dei fleste studio og redaksjonar, har på glatt vis styrt unna debatt etter debatt ved å klamra seg til personåtaksretorikken. Sakleg innhald har fått mindre plass enn på lenge og aldri har det vore mindre interessant å høyra på dei.

Ok, dette er noko eg har hatt lyst til å skriva om, ja, verkeleg hatt lyst til å sukka høgt over. No har superferievikar i Dagbladet, Hilde Sandvik, gjort det. Takk, Hilde! Og dei av dykk som ikkje har lese saka " Du har rett, Hagen. Politikarar er hårsåre sutrekoppar", kan gjera det her.

 

Barentsbading

Då eg kom til Kirkenes var det grisevarmt og fantastisk sommar. Me drog til Grense Jakobselv, vassa i Barentshavet og fekk sett over til Russland. Barentshavet var kaldt, sjølv om det var sydentemperaturar i lufta og sandstrendene kan slå ut bileta i ein kvar sydenkatalog.

So kom vinteren og 10 grader er ikkje mykje å skryta av. Litt færre mygg torer seg ut på vengene, men det var vel det einaste å skriva heim om.

Elles burde alle vore her på Grenselandfestival. Veldig kjekt til no. Dans og flørt og moro og litt årsmøte. For dei som er interesserte kan eg fortelja at nei, eg har ikkje lært meg nordlandspols enno, men det ordnar seg i morgon. Rørospols har eg fått dansa nesten så mykje eg har orka. Ja, ferie er fint!

 

Sommar = jobb

Jobbing og atter jobbing. Det er sommaren min. Var ein tur på byn i Bergen i går, men etter å ha stått opp kvart på seks om morgonen vart det tidleg kveld. Kort, men kjekt.

No skal eg ha litt ferie. Oslo og Kirkenes. Vermeldingane ser heller dårlege ut, men eg skal læra meg å dansa nordlandspols, tenkte eg. Det kan eg no gjera innomhus. Dessutan, ferie er ferie likevel, og midnattsol er vel for bonus å rekna.