Raggisland

Ei hjartesukkside

Barentsbading

Då eg kom til Kirkenes var det grisevarmt og fantastisk sommar. Me drog til Grense Jakobselv, vassa i Barentshavet og fekk sett over til Russland. Barentshavet var kaldt, sjølv om det var sydentemperaturar i lufta og sandstrendene kan slå ut bileta i ein kvar sydenkatalog.

So kom vinteren og 10 grader er ikkje mykje å skryta av. Litt færre mygg torer seg ut på vengene, men det var vel det einaste å skriva heim om.

Elles burde alle vore her på Grenselandfestival. Veldig kjekt til no. Dans og flørt og moro og litt årsmøte. For dei som er interesserte kan eg fortelja at nei, eg har ikkje lært meg nordlandspols enno, men det ordnar seg i morgon. Rørospols har eg fått dansa nesten så mykje eg har orka. Ja, ferie er fint!

 

10 Kommentarar:

10:55, skreiv Blogger Ragnhild...

Flørt? Privattimar? Dette høyrest særs lovande ut, frk. Bjørge! Dette må utbrettast i neste post frå deg:-)

 
19:04, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Vel, me får nett sjå på det. Men eg kan no fortelja at:
- eg har lært meg nordlandspols - utan privattimar. No treng eg berre øving.
- eg må byrja å dansa når eg kjem til Volda att. Det er fakitsk ein viktig del av livet og det vart eg minna på no.
- same kor kjekt det er å dansa med flinke dansarar (og andre), er det kjekkast å dansa med folk som er like høge som ein sjølv.
- eg trur eg har endra litt på kriteria mine for korleis den perfekte mannen skal vera.
- eg har trimma lattermusklane mine noko voldsomt på turen
- dette ikkje er so spanande som det kan høyrast ut som nett no, men det får eg koma attende til :P

 
10:21, skreiv Anonymous Anonym...

Korleis er så kriteria for den perfekte mannen?

 
14:08, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Kven spør? Må tenkja litt over korleis eg evt skal lista det opp. Evt kan eg laga ei liste over over kven som ligg nærast kriteria? Det er eg for pysete til. Får sjå kva eg kjem opp med.

 
17:14, skreiv Blogger Purisme...

Dette var interessant, du har tydelegvis ikkje lege på latsida i sumar.... Ventar i spaning på kva som kjem opp! Nei, då, berre køddar. Vakt deg heller for alle farene som ligg i intimitetstyranniet.

 
17:21, skreiv Blogger Purisme...

Kjønn er problematisk, òg i språket. For medan substantivet "fare" er hokjønn i min dialekt ("mi dialekt") er det sjølvsagt hankjønn i nynorsk. Så eg skulle sjølvsagt ha skrive "faren". Tenkte eg berre skulle seie dette før ein eller annan kommenterte det.

 
13:14, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Vel, det er jo det store problemet med å skriva blogg. Kvar går grensene? Dette er jo augneblikksrapportar. Nokre er berre tull av vas, mange gonger er eg irritert over noko, som over Høgre & co, og andre gonger boblar eg kanskje litt over. Om det skil seg frå tull og vas er eg ikkje eilt sikker på.
Men slapp av, det kjem ikkje noka liste over kriteria for drøymemannen. Det hadde vorte for pinleg. Eg er trass alt blyg, sjølv om eg er frekk i kjeften.

 
13:21, skreiv Anonymous Anonym...

Ja, men korleis er den perfekte mannen? Kva kriteriar har du, frøken Bjørge? Er det nokon sjans for at eg kanskje kan nå opp?
Har annonyme folk, som denne anonyme nysskjerrigperen overfor meir sjans på deg enn eg, din eigen kjære Ronny?

 
13:30, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Vel, Ronny, eg har ikkje tenkt å lista opp kriterium her, Kanskje eg skal skriva ein seriøs tekst om noko slikt ein gong, men nett no høyrest det litt keisamt ut.

Eg tykkjer sjølvsagt det er spanande med hemmelege beundrarar,om dei er annonyme eller om dei kallar seg Ronny, men om du har sjanse? Det veit eg ikkje. Du får fortelja kven du er, so skal eg tenkja på det.

 
09:50, skreiv Blogger Fru Lur...

Eg vil berre slå eit slag for intimitetstyranniet. Eg tykkjer ikkje du skal vera redd for å vera ein intimitetstyrann, det er ikkje noko å vera redd for

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida