Raggisland

Ei hjartesukkside

Sommar = jobb

Jobbing og atter jobbing. Det er sommaren min. Var ein tur på byn i Bergen i går, men etter å ha stått opp kvart på seks om morgonen vart det tidleg kveld. Kort, men kjekt.

No skal eg ha litt ferie. Oslo og Kirkenes. Vermeldingane ser heller dårlege ut, men eg skal læra meg å dansa nordlandspols, tenkte eg. Det kan eg no gjera innomhus. Dessutan, ferie er ferie likevel, og midnattsol er vel for bonus å rekna.

 

3 Kommentarar:

14:21, skreiv Anonymous Anonym...

Du skal ikkje klaga for at du har jobb. Det skal du vera glad for: du tener pengar og kan syna til arbeidsrøynsle når du er ferdig å studera og skal ut i arbeidslivet for alvor. Dessutan har du sjølv vald å jobba denne sumaren, so då so.

 
10:41, skreiv Anonymous Anonym...

Eg veit ikkje.. di meir eg jobbar, di mindre lyst får eg til å ha ein jobb når eg er ferdig med utdaninga mi, og byrjar leggja planar for å snika meg unna å gjera eit skikkeleg arbeid.

Anten er jobbane spennande, men vanskelege (som den eg hadde på samlaget), eller so er dei greie og krev ingen hjerneaktivitet, men då er dei keisame. Det einaste som både er spennande og ikkje gjev meg angst er å sitja på Blindern og studera.

eg er nok eit dårlegare menneske enn eg trudde

 
18:34, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Kjære Moralist!
Sjølvsagt skal eg vera glad for at eg har jobb og tener pengar, men eg vil alle helst ha ferie. Få studieløn frå staten og sleppa og arbeida i det heile.

Ja, eg vil som Gudrun sitja på Blindern eller i Volda og lesa og skriva og finna ut spanande ting, utan å ha noko press på meg, utan å arbeida på gamleheim eller noko slikt. Og det tykkjer er eg heilt greitt å meina, eg. Og Gudrun har rett i at di meir ein arbeider, di mindre lyst har ein på skikkeleg jobb. Kanskje det kjem av at eg brått ser at slutten på studentlivet nærmar seg? Huff

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida