Raggisland

Ei hjartesukkside

Bloggarane

No har eg selt den fyrste bilen min. Klara har fått ny eigar og eg er i stand tilå betala ned på lånet mitt. I alle høve litt. Samstundes eit eg og ventar på eksamenskarakterane mine. Trur eg har sjekka studentweb (sic) ørten gongar alt siste veka, men ingenting skjer. Eg er trass alt nervøs for korleis det har gått med meg.

Det er forresten heilt vilt korleis bloggarfamilien utvidar seg for tida! Magnus er attende etter lang tids pause! Og denne gongen på norsk! Straamannen har truleg funne ut at e-post er for eksklusivt, trykte medium set grenser, men at verdsveven kanskje er stor nok. Her kan de venta dykk ironi og sarkasme på 1917-normalen. Ingenting er vel artigare enn infam humor på slikt mål? Og so har gamleleiaren, ogso kjend under namnet herr Brunstad, teke steget ut på veven. Eg er imponert!

Møtte prof. Dahl onsdag. Ja, han kompisen min eg var på fjernsyn saman med og som eg har skrive om i Syn og Segn. Han held på med norsk pressehistorie og heldt innleiing om 1905. Eg lurte veldig på om han kom til å helsa på meg. Det gjorde han! Det vart ikkje høve til å veksla ord, i og med at eg kom seint og han skulle snakka fyrst, men likevel. Artig. (Han heldt eit heilt ok føredrag, altso. Denne gongen skulle han ja ikkje snakka om målrørsla og nynorsk og slikt...)

 

2 Kommentarar:

11:24, skreiv Blogger Purisme...

Kva fekk du for bilen då, Ragnhild?

Ikkje for å skryte, altså, men "purisme.blogspot.com" har ganske lenge vore ute med nyhenda om at Sandnes kommune ankar avgjerda i Gulating. Kvar er "nynorsk.no"? Eg berre spør...

 
11:29, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Fekk 12 000,-.

Har du vore ute med saka lenge? Vel, sist eg sjekka sida di i dag tidleg var det ikkje der. Nynorsk.no treng gode tipsarar for å vera oppdatert, og ingen har tipsa oss om dette før no. Ikkje eingong den gratis nyhendeagenten me brukar i tillegg til eigeninnsatsen. Men takk for tipset. Om du vil, kan sjølvsagt du òg få lov til å verta del av nynorsk.no-familien.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida