Raggisland

Ei hjartesukkside

Nytt

Det er vår i Volda. Det regnar i bytter og spann, vinden tutar om novene før det i neste sekund skin opp. Fjorden ligg blå og heilt still.

Eksamen er overstått. Det er kanskje det beste. Ingvild og Arild leverte masteroppgåvene sine i går - til lukke! Tenk om det kunne vore meg! Same dagen søkte eg om nok eit år med studielån.

Byrja å flytta i går. Køyrde vekk ei billast med bøker til toppen av Volda. Enno er det mykje att. Godt eg skal få hjelp til å flytta. (Dumt at eg nesten ikkje kan hjelpa til sjølv av di eg må jobba.)

I morgon skal Studentmållaget i Volda samla inn underskrifter til Dagbladoppropet på Volda vgs! Det vert bra!

 

5 Kommentarar:

16:54, skreiv Anonymous Anonym...

Om eit år er det deg som er meistar! Du kan vera glad du ikkje skal flytta so langt som me skal, det er kav, det.

 
21:05, skreiv Blogger Purisme...

Det går framover med det meste, for nå har du kome som lenkje på mi flunkande nye bloggside.

 
21:24, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ei stor ære, det må eg seia. Olaug og eg! Det er godt selskap.

 
15:26, skreiv Blogger Magnus...

Bloggen min har kome ut av dvalen den med, med nytt namn og ny bunad og greier.

 
15:28, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Grattis, Magnus! Det var no på høg tid at du kom attende på veven!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida