Raggisland

Ei hjartesukkside

Kaker

Dersom ein set seg inn i kaketradisjonane til ulike familiar, trur eg ein kan oppleva mykje nytt og rart. Eg har sjølvsagt mine kakefavorittar: Blautkake, men ikkje kva som helst blautkake. Suksessterte, men det er ikkje det same korleis smørkremen vert laga. Erling Toft-kake, veldig god og uhyrleg søt (marsipan, trøffel, sjokolade, aprikos, trur eg) og mi eiga gulrotkake. Men det var ikkje mine kaker dette skulle handla om.
Eg er på jobb og serverer i ein 60-årsdag no. OK, litt til og frå. Her er det kransekaker og marsipankaker, men det er mengder av kaker eg aldri har sett! Og eg er ei røynd kakejente, berre for å ha sagt det. Nokre av dei ser mindre delikate ut, men du verda kor godt nokre av dei smakar. (Andre ikkje.) Spørsmålet eg eigentleg stiller meg er kvar dei har kome over desse kakeoppskriftene. Dei har truleg ikkje stått i noko glansa vekeblad, for dei kan ikkje gjerast elegante. Knapt nok i kokebøker, men dei er komne inn i ein familie og er heilt tydeleg noko som høyrer til på kakeborda. Her er det 70 stykk. 15-20 har teke med kaker og ei av tre kaker ser altso skummel ut. Korleis kjem folk på å baka slikt? Kvar møter dei desse kakemonstra? Og korleis fell dei for dei?

 

5 Kommentarar:

10:37, skreiv Anonymous Anonym...

Hm, dei er sunnmøringar. Sunnmøringar har lange kaketradisjonar. Her er det nesten på plass med ei forteljing frå KK (som du veit har eg lese uhorvelege mengder KK siste året). Vekeblad er jo glade i å skriva om brudlaud, og i eit blad var det ein lengre reportasje om korleis eit par planla brudlaupet sitt. Om kjolen, maten, kakene osb. Det som er saken er at det i reportasjen stod om brudlaupskaka (ja, i eintal). Og det var store ordskifte fram og attende om ho skulle smaka fersken eller jordbær. Det som var litt artig var at ei dame frå Sunnmøre vart provosert over at dette brudeparet ho las om såg ut til å berre ha ei kake, so ho skreiv inn lesarbrev til bladet! Der kunne ho fortelja at der ho kom i frå hadde folk med seg kaker i selskap, soleis enda dei gjerne opp på 20-30 kaker, og alle fekk noko dei lika.
Alt ein lærer av å lesa vekeblad, seier no eg...

 
12:13, skreiv Anonymous Anonym...

Men får du smaka på desse monsterkakene då? Det burde du jo få. Det er sikkert kake-oppskrifter frå krigen dei har funne fram. Og når vi er inne på favorittkaker: eg kan tilrå Almondy si Daim-kake! Kjøp kaka i frossendisken på Bunnpris, ICA, Meny og sikkert andre stader. Passar å ha i frysaren i tilfelle uventa besøk. Er berre å ha kaka liggjande og skjera seg stykke når det måtte passa. MMMMMM!!! Og dessutan: det er ei rettvis og etisk bra kake. http://www.almondy.com/swe/index.html

 
14:09, skreiv Anonymous Anonym...

I kokeboka til Trude Teige skriv ho om kaketradisjonane på Sunnmøre og korleis dei tok pusten frå mannen hennar. Spesielt mengdene med kaker som dukka opp i brydlaupet deira. Ho skriv både godt og levande om kaketradisjonane på Sunnmøre. Men ho avslørte sjølvsagt ikkje trikset som du Ragnhild har avslørt... At grunnen til å lage stygge kaker er at ein då får meir kake å ta med seg heim! (tradisjonen er nemleg den, at dei som baka kaka, tek ho med seg heim att...)

 
23:15, skreiv Anonymous Anonym...

No når du fyrst skriv om kaker, så har eg eit lite spørsmål.......!!! har du lyst til å laga kransekaka til dåpen til Andrea!! :)

 
11:49, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Då må eg få formene og oppskrifta mi sendt til Oslo...

Elles kan eg seia at eg smakte på mest alle dei rare kakene. Eg måtte freista å finna ut kva som gjorde at dei i det heile vart laga. Nokre av dei hadde openbert ein funksjon, andre må ha vore reine hemnhandlinga. Det var serleg ei kake, ei som hadde fargen til ein grågrøn sviskekompott (veit at det ikkej finst, men kanskje de kan tenkja dykk til fargen), som var overraskande god. Kaka hadde ein slags karamellsmak i fyllet, dvs fyllet låg oppå kaka. Kva heiter det, eigentleg? Når det er fyll og ikkje glasur?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida