Raggisland

Ei hjartesukkside

Kommentarar

Eg prøver meg på å la folk kunna kommentera det eg skriv på sida mi. Dersom du klikkar på #-teiknet under ei sak, der det står # posted by..., so kan du altso kommentera det eg skriv, om du vil.

 

Skarheim og Søgnen

Sidemålsfritak i Oslo? Kva er no det? Greitt at det berre er eit forsøk, men hallo? Direktøren i det nyskipa Utdanningsdirektoratet, kjem rett frå departementet til Clemet. Ministeren som ikkje fekk fleirtal i Stortinget for å gjera sidemålsundervininga friviljug og eller munnleg rett før sommaren. Og vips, der dukkar det opp ein ny direktør, som tek omkampen på strak arm, ikkje spør forskingsmiljø om forsøket er fagleg forsvarleg, ikkje ser ut til å ha lese søknaden serleg godt ? men fleskar til med eit rungande JA! Forsøk i veg. Trur kanskje heller ikkje han høyrde serleg godt etter då det vart snakka om kva type forsøk som skulle godkjennast. Eller kanskje han gjorde det? Positive sidemålsforsøk er kanskje dei som har som mål å få fjerna heile nynorsken? Det er vel lite tvil om at det er føremålet til Høgre, og serleg Oslo Høgre, med omland.

Ein annan person som er trekt altfor lite fram i det siste, er Astrid Søgnen. Ho er direktør for Utdanningsetaten i Oslo kommune. Ja vel? Spør du kanskje. Kvifor er ho viktig?
I 1997 var ho statssekretær for Reidar Sandal i Utdanningsdepartementet. Ho er ut i frå korleis eg har oppfatta henne ein ram nynorskhatar. Hadde sikkert minst ein finger med i spelet for korleis framlegget til ny opplæringslov vart i 97. For dei som ikkje hugsa det, gjorde Sandal og co i regjeringa framlegg om å fjerna retten til å få lærebøker og andre læremiddel til same tid og same pris på bokmål og nynorsk. Noko som i praksis ville seia dyrare nynorskbøker, som kom i butikkane langt utpå hausten. (Kjenner AFSRIS-formuleringane kjem inn att i fingrane med det same: Hjelpebøker, arbeidsbøker, grammatikkar og programvare?)

Astrid Søgnen var den som var ute og forsvara dette. Tidt og ofte, og det beste minnet av dei alle var då ho gjorde slik ein ufatteleg talentlaus jobb i Her og No på NRK, at det enda med at Kari Sørbø fillerista henne på direkten. Vart litt vanskeleg for henne å få resten av verda til å forstå at ved å fjerna retten til nynorske lærebøker gjorde ho nynorskelevane ei teneste. For lovframlegget var sjølvsagt godt meint, og ikkje eit åtak no nokon, serleg ikkje på prisnippet om lik rett til utdanning.

No sit dama og styrer utdanningsetaten i Oslo kommune. No har ho vore med på å senda ein søknad om sidemålsforsøksordninga i Oslo, utan at dei har eit forskingsmiljø som vil ta vurderinga av prosjekta. Dei forskingsinstitusjonane som har uttalt seg, Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo meiner at forsøket er fagleg uforsvarleg og vil ikkje sitja som gislar for å fjerna nynorsken.

Ho har altso andsvaret for dette forsøket no. Det er sjølvsagt ikkje eit åtak på sidemålet, og på ingen måte på nynorsken. Det er utforma av reik og klår kjærleik til språket og til elevane. Dei skal læra meir i Høgreskulen, noko dei truleg gjer om dei skal læra mindre.

 

Nynorsk mediesenter opna

Torsdag var eg på opninga av Nynorsk mediesenter i Førde. Det var veldig kjekt! Heile den nynorske popstjerneeliten var tilstades. Ikkje i musikkforstand, i kulturell- og intellektuell forstand. Og opninga vart so flott som ho skulle vera. Eg fekk ei supertøff t-skjorte med løvetann på. Elles snakka eg med Odd Nordstoga. Litt vilt. Og endeleg fekk eg helsa skikkeleg på Olaug Nilssen. Det var no på høg tid etter at eg har møtt henne ein heil haug gonger. Og kjekt var det!

Reidar Sandal var sjølvsagt òg tilstades under opninga og Hege intervjua han. Han, som har pryda kontorveggen til NMU sidan 1997, med kriminellstempel over biletet av han. Han snakka eg med. Og om eg hadde lyst til å seia: Takk for sist! Hugsar du Nynorsk elevgerilja? Hugsar du framlegget til opplæringslov du la fram då du var utdanningsminister? Hugsar du elevstreikane me organiserte mot deg og at du måtte trekkja framlegget ditt og etter kvart gå av? Ja, det var oss det! Og so kunne Hege kanskje syngja opp til den fine aksjonssongen: "Eg heiter Reidar Sandal, eg er ein statsråd eg!" slik ho gjorde i Bergen i 97.
Det hadde vore noko det! Men det er ikkje sikkert at intervjuet hadde gått so bra. Det gjorde det, og Reidar virka å vera ein ålreit sosialdemokrat og målmann denne dagen.

Me voldingar var òg uvanleg godt organiserte. I ikkje minder enn fire bilar la me ut på tur, fire naboar. Ok, eg reiste om Florø for å plukka opp super-Hege som flaug dit, men lell! Kanskje eg skulle skriva ein historie om dei fire gode naboane?

Elles kan eg fortelja at eg har fått jobb som tunassistent i Aasentunet! Jippi! Eg har ein liten jobb. Ikkje det at eg har for lite å gjera med studia, altso. For all del.