Raggisland

Ei hjartesukkside

Skarheim og Søgnen

Sidemålsfritak i Oslo? Kva er no det? Greitt at det berre er eit forsøk, men hallo? Direktøren i det nyskipa Utdanningsdirektoratet, kjem rett frå departementet til Clemet. Ministeren som ikkje fekk fleirtal i Stortinget for å gjera sidemålsundervininga friviljug og eller munnleg rett før sommaren. Og vips, der dukkar det opp ein ny direktør, som tek omkampen på strak arm, ikkje spør forskingsmiljø om forsøket er fagleg forsvarleg, ikkje ser ut til å ha lese søknaden serleg godt ? men fleskar til med eit rungande JA! Forsøk i veg. Trur kanskje heller ikkje han høyrde serleg godt etter då det vart snakka om kva type forsøk som skulle godkjennast. Eller kanskje han gjorde det? Positive sidemålsforsøk er kanskje dei som har som mål å få fjerna heile nynorsken? Det er vel lite tvil om at det er føremålet til Høgre, og serleg Oslo Høgre, med omland.

Ein annan person som er trekt altfor lite fram i det siste, er Astrid Søgnen. Ho er direktør for Utdanningsetaten i Oslo kommune. Ja vel? Spør du kanskje. Kvifor er ho viktig?
I 1997 var ho statssekretær for Reidar Sandal i Utdanningsdepartementet. Ho er ut i frå korleis eg har oppfatta henne ein ram nynorskhatar. Hadde sikkert minst ein finger med i spelet for korleis framlegget til ny opplæringslov vart i 97. For dei som ikkje hugsa det, gjorde Sandal og co i regjeringa framlegg om å fjerna retten til å få lærebøker og andre læremiddel til same tid og same pris på bokmål og nynorsk. Noko som i praksis ville seia dyrare nynorskbøker, som kom i butikkane langt utpå hausten. (Kjenner AFSRIS-formuleringane kjem inn att i fingrane med det same: Hjelpebøker, arbeidsbøker, grammatikkar og programvare?)

Astrid Søgnen var den som var ute og forsvara dette. Tidt og ofte, og det beste minnet av dei alle var då ho gjorde slik ein ufatteleg talentlaus jobb i Her og No på NRK, at det enda med at Kari Sørbø fillerista henne på direkten. Vart litt vanskeleg for henne å få resten av verda til å forstå at ved å fjerna retten til nynorske lærebøker gjorde ho nynorskelevane ei teneste. For lovframlegget var sjølvsagt godt meint, og ikkje eit åtak no nokon, serleg ikkje på prisnippet om lik rett til utdanning.

No sit dama og styrer utdanningsetaten i Oslo kommune. No har ho vore med på å senda ein søknad om sidemålsforsøksordninga i Oslo, utan at dei har eit forskingsmiljø som vil ta vurderinga av prosjekta. Dei forskingsinstitusjonane som har uttalt seg, Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo meiner at forsøket er fagleg uforsvarleg og vil ikkje sitja som gislar for å fjerna nynorsken.

Ho har altso andsvaret for dette forsøket no. Det er sjølvsagt ikkje eit åtak på sidemålet, og på ingen måte på nynorsken. Det er utforma av reik og klår kjærleik til språket og til elevane. Dei skal læra meir i Høgreskulen, noko dei truleg gjer om dei skal læra mindre.