Raggisland

Ei hjartesukkside

August

No er det august. Sommaren er nesten over, og det kjennest knapt ut som om han er komen i gang. Snart er friveka over òg. Det har vore ei hendingsrik veke, men brudlaup, fest, bading, bringebærplukking og årsmøte i Noregs Ungdomslag. Veldig kjekt alt i hop. Men eg måtte reisa frå Beitostølen før festivalen var over. Greit å ha ein nesten bilfri dag før det er jobb att. Skal arbeida ei og ei halv veke til, før eg forlet strilalandet for denne sommaren.

Hadde sekken full i bøker eg hadde lånt og tinga på høgskulebiblioteket før ferien, men eg kan nok ikkje skryta på meg å ha lese serleg mykje. Der i mot har eg fått litt informasjon om nyttige bøker og artiklar eg må få tak i.

Kanskje vert det kjekt å koma i gang med semesteret att òg. Berre litt leitt at det ikkje berre konne starta med det same, eller at tida kunne stått stille ei stund. Eller at me hoppa over august. Det hadde òg vore eit alternativ. Men dette styrer diverre ikkje eg.

Vel, no skal eg sova litt og kanskje eg får meg ein fjelltur i sommarsola i morgon?
Ragnhild

 

På prent

I neste Mål og Makt har eg eit stykke på prent. Om sidemål! Hurra! Eg er litt stolt over at eg faktisk fekk levert teksten og at dei tykten han var god nok. Vert spanande å sjå kva attendemeldingar eg får på han. Eg Skal leggja han ut her etter kvart, men det sømer seg vel å venta til han har står på prent, eller?

 

Idiotiske utspel

Har de fått med dykk nokre av dei ville utspela som er komne i Rogaland etter at det vart slege fast at helseføretak i fylke/område der fleirtalet av kommunane i området har nynorsk som administrasjonsmål faktisk òg skal skriva nynorsk? Folk får seg til å seia so mykje rart. Ordføraren i Stavanger er til dømes hoppande sint for han meiner at nynorsken vil flytta fokus vekk frå sjukehuset sin funksjon. Kva i all verda er no det for eit utspel, Sevland? Kirurgi fungerer best med bokmål i breva? Han vart intervjua i Stavanger Aftenblad om saka og du kan lesa det han seier her.

Då har eg meir sans for leiaren i Jærbladet i dag. Eigentelg skriv dei mest om skog og slikt, men heilt til slutt står det eit lite avsnitt:
Ikkje greitt å vera «byas» i dag
«Nå må vi bli syke på nynorsk» var hovudtittelen på Stavanger Aftenblads førsteside torsdag. Byråkratar og legar ved sjukehuset må på kurs for å læra nynorsk fordi fleirtalet av kommunane på Vestlandet har nynorsk som målform, og Sentralsjukehuset nå må kommunisera på den målforma. Nei, livet er ikkje lett!

Ha, ha! Stakkars bokmålsfolk som brått må ta omsyn til andre.

 

Sommartider

God sommar, alle i hop. Vanlegvis plar eg sløva vekk ferien. Liggja på ein plen, lesa bøker, sovna i sola og ha det fint. Litt jobbing når det høver slik, men å leva slaraffenlivet er noko eg likar og saknar. I sommar jobbar eg skiftarbeid på gamleheim. Tidleg og seint. Til og med bursdagen min feira eg på jobb. Det er vel noko dei fleste opplever, men for slike ferieborn som eg, er det ikkje nett ein vane å arbeida ein slik dag. Ikkje at det gjorde noko, eigentleg, men likevel.

No sit eg i sovleggen og kosar meg med bøker om landssvik og krigen. Kven var eigentleg fascistar? Kva seier Johs. Andenæs om landssvik? Skal snart på jobb. I dag er det seinvakt. Lurer på om det er råd å gjera ein avtale med nokre vergudar om at det skal vera fint ver kvar føremiddag når eg sakl på seinvakt? Då kunne eg kanskje nå målet om å verta brun i sommar eg òg.

Ragnhild