Raggisland

Ei hjartesukkside

Idiotiske utspel

Har de fått med dykk nokre av dei ville utspela som er komne i Rogaland etter at det vart slege fast at helseføretak i fylke/område der fleirtalet av kommunane i området har nynorsk som administrasjonsmål faktisk òg skal skriva nynorsk? Folk får seg til å seia so mykje rart. Ordføraren i Stavanger er til dømes hoppande sint for han meiner at nynorsken vil flytta fokus vekk frå sjukehuset sin funksjon. Kva i all verda er no det for eit utspel, Sevland? Kirurgi fungerer best med bokmål i breva? Han vart intervjua i Stavanger Aftenblad om saka og du kan lesa det han seier her.

Då har eg meir sans for leiaren i Jærbladet i dag. Eigentelg skriv dei mest om skog og slikt, men heilt til slutt står det eit lite avsnitt:
Ikkje greitt å vera «byas» i dag
«Nå må vi bli syke på nynorsk» var hovudtittelen på Stavanger Aftenblads førsteside torsdag. Byråkratar og legar ved sjukehuset må på kurs for å læra nynorsk fordi fleirtalet av kommunane på Vestlandet har nynorsk som målform, og Sentralsjukehuset nå må kommunisera på den målforma. Nei, livet er ikkje lett!

Ha, ha! Stakkars bokmålsfolk som brått må ta omsyn til andre.