Raggisland

Ei hjartesukkside

August

No er det august. Sommaren er nesten over, og det kjennest knapt ut som om han er komen i gang. Snart er friveka over òg. Det har vore ei hendingsrik veke, men brudlaup, fest, bading, bringebærplukking og årsmøte i Noregs Ungdomslag. Veldig kjekt alt i hop. Men eg måtte reisa frå Beitostølen før festivalen var over. Greit å ha ein nesten bilfri dag før det er jobb att. Skal arbeida ei og ei halv veke til, før eg forlet strilalandet for denne sommaren.

Hadde sekken full i bøker eg hadde lånt og tinga på høgskulebiblioteket før ferien, men eg kan nok ikkje skryta på meg å ha lese serleg mykje. Der i mot har eg fått litt informasjon om nyttige bøker og artiklar eg må få tak i.

Kanskje vert det kjekt å koma i gang med semesteret att òg. Berre litt leitt at det ikkje berre konne starta med det same, eller at tida kunne stått stille ei stund. Eller at me hoppa over august. Det hadde òg vore eit alternativ. Men dette styrer diverre ikkje eg.

Vel, no skal eg sova litt og kanskje eg får meg ein fjelltur i sommarsola i morgon?
Ragnhild