Raggisland

Ei hjartesukkside

Eg var på Vestlandsrevyen

Kva gjer ungane i Førde når snøen ligg kvit? Dei gjer som andre born - skrir på akebrett og har det kjekt!

Måndag var Inger Synnøve og eg med Haugum barnehage i akebakken. Med kamera, mikrofonar og skiklede stilte me opp utan at me visste kva som venta oss. Overfalne av ivrige små fann me fort ut at å snakka med ungar ikkje heilt kan samanliknast med å intervjua byråkratar. Difor bytte me på å filma og å stilla spørsmål og vart gode til å improvisera i ulike situasjonar.

Heime att i redigeringsrommet fekk me klypt saman mange akebilete og gode kommentarar frå borna, og med god hjelp av Pogo pops fekk me til eit kjempeartig innslag som Vestlandsrevyen ville bruka i slutten av sendinga si. Dei kutta det litt ned, men me fekk saka vår på fjernsyn! Vil du sjå det som vart sendt? Klikk her og kos deg!

 

3 Kommentarar:

09:43, skreiv Anonymous Anonym...

"Heia doddo, heia doddo."
Det sa Andrea då ho såg tanto på fjensyn i går. "Meir doddo" var kommentaren hennar då ho ikkje såg deg meir. Så no ser ho fram til at du skal laga fleire innslag ;)

 
15:27, skreiv Blogger Vidar...

Doddo?? Men Ragnhild er no ikkje daud som ein dodo... Kor artig innslag! Godt å sjå at det finst snø på Vestlandet òg...

 
19:35, skreiv Anonymous Anonym...

Innslag til å bli i godt humør av :D

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida