Raggisland

Ei hjartesukkside

Opera og tresken

Tolvskillingsopera og fest til tidleg morgon - slik var helga i Førde.

Snøen laver ned over Førde, folk har influensa og flya kjem ikkje når dei skal. Me sit på loftet og skal læra oss å redigera filmklypp. Filminga og intervjua gjorde me på fredag og no skal det verta fjernsynssaker av det. Eller iallfall saken som kunne vorte brukt på fjernsyn. Dette er kjekt og vanskeleg, men det er utruleg kva eg lærer av ein tur ut med kamera!

Men samstundes som me jobbar og tullar på loftet vårt, drøymer me om varme strender og lang ferie. Det vert kanskje til sommaren?

 

1 Kommentarar:

16:26, skreiv Blogger tante fiolett...

Men nett i dag er det kanskje ikkje så gale med vinter likevel? Sjå sola i snøen.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida