Raggisland

Ei hjartesukkside

Ei veke i Førde



No har eg snart vore ei veke i Førde. Eg har fått meg ein veldig fin stad å bu, har fått meg kjempe-kjekke sambuarar og er komen i gang på Nynorsk mediesenter. Eg har laga mine fyrste tullereportasjar og har erta opp litt folk i redaksjonen. Veldig kjekt å drivande gravande tullejournalistikk.

I helga var eg ein tur på Sandane og hadde ein kortvisitt av Brigt Ove, noko som var veldig kjekt! Mellom anna knuste eg han i backgammon (not), og me var på ein skikkeleg Førdetour i regnet. Eg storkosa meg, trass i veret.

I dag står Sogn og Fjordane på programmet - kva fylke er det eigentelg eg bur i? Det skal eg altso finna ut. Dersom de har tips til meg om noko me kan laga saker om her i trivselsfylket, so må de senda meg tips!

 

2 Kommentarar:

23:56, skreiv Blogger Vidar...

Fortel! Kva gjer du for å irritere dei?? ;-)

 
10:07, skreiv Anonymous Anonym...

Du kan finne ut om alle trivst i trivselsfylket, eller om det berre er ei myte?
Eller om kvifor Sogn og Fjordane, som er det tøffaste nynorskfylket, vel seg eit bokmålsord for å skildre fylket?

Sjølv skriv eg om rotter og energi og slikt i dag. Det er ulike saker, altso.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida