Raggisland

Ei hjartesukkside

Treng å berre vera, ei lita stund berre

Semesteret et utan tvil i gang att. Og det er heilt klart siste semesteret som masterstudent. Eg skal levera til jul, men det står utruleg mykje att for at eg skal få det til. Sider må skrivast, tankar må tenkjast og kjelder må analyserast. Og eg synest det heile er uoverkomeleg.
Tårene sprett, brøla mot veggen vert høgare og eg har vel mest lyst til å stikka av, men det er ikkje noko å røma frå. Eg veit no det veldig godt.

Eg har rydda i kalenderen min framover og det er ikkje mykje anna enn oppgåva som fyller sidene. Men oppgåva er som ein stor, utflytande, grå ulldott som det ikkje er råd å få godt tak på. Den fyller boka, hovudet mitt, magen min og lesesalen, men eg prøver å kjempa i mot og koma under ulla.

Tone seier at dette berre er eit debattinnlegg. Det er mitt innlegg, mine argument. Litt lenger enn eit lesarbrev, litt lenger enn ein kronikk, litt meir underbygd, men det er det det skal vera. Eit debattinnlegg. Eg prøver å hugsa på det. Takk :)

No treng eg berre å vera. Berre ei lita stund, men treng plass til berre å vera. Og so, berre å skriva.

Det er vel slik det er å skulla slutta å vera masterstudent?

 

Opningsveka over

I dag er det sundag og opninsveka er over. Kanskje det eigentleg er bra? Eg trur folk er rimeleg slitne no. Var ein tur innom Rokken i gårkveld. Nok ein stappfull kveld, noko som er utruleg bra, og sinnsjukt få kjende.

Kva har eg elles gjort denne veka?
Jo, var på Kaizers-konsert tysdag, etter å ha jobba i kafeen halve dagen, var på Silver-konsert, var iallfall på Rokken under Silver. Hang på Rokken onsdag og jobba på galleriet torsdag. Elles har eg no fungert som NUS-buss ei veke, og eg manglar framleis eit par studentar. Kanskje dei er komne vekk på vegen frå den store verda og til Volda? Vel, i dag skal eg på jobb i Aasen-tunet.

Elles har eg utvida Flickr-en min og har lagt ut mange bilete frå sommaren.

Formen er fin. Jenta smiler.

 

Beste sommaren nokon gong?


Det som kanskje har vore tidenes beste sommar er snart over. Tysdag er det semesterstart og Kaizerskonsert, og då er det igang.
Eg har ymta frampå om at det har vore mykje soling, grilling og sommarfestar, og det stemmer jo sjølvsagt. Slogen-turen var ein høgdare og eg gler meg til eg skal heilt på toppen. Det må bli neste gong det er finver og eg har pengar til ferja :)
Me har vore ein utruleg fin gjeng her og det har vore skikkeleg kjekt. Har ikkje hatt tid til å keia oss ein gong. Sjekk ut bileta på flickr-en min, eller på sida til Ragnhild Ølnes (du finn lenkja på høgresida her) og sjå kva me har halde på med.