Raggisland

Ei hjartesukkside

Treng å berre vera, ei lita stund berre

Semesteret et utan tvil i gang att. Og det er heilt klart siste semesteret som masterstudent. Eg skal levera til jul, men det står utruleg mykje att for at eg skal få det til. Sider må skrivast, tankar må tenkjast og kjelder må analyserast. Og eg synest det heile er uoverkomeleg.
Tårene sprett, brøla mot veggen vert høgare og eg har vel mest lyst til å stikka av, men det er ikkje noko å røma frå. Eg veit no det veldig godt.

Eg har rydda i kalenderen min framover og det er ikkje mykje anna enn oppgåva som fyller sidene. Men oppgåva er som ein stor, utflytande, grå ulldott som det ikkje er råd å få godt tak på. Den fyller boka, hovudet mitt, magen min og lesesalen, men eg prøver å kjempa i mot og koma under ulla.

Tone seier at dette berre er eit debattinnlegg. Det er mitt innlegg, mine argument. Litt lenger enn eit lesarbrev, litt lenger enn ein kronikk, litt meir underbygd, men det er det det skal vera. Eit debattinnlegg. Eg prøver å hugsa på det. Takk :)

No treng eg berre å vera. Berre ei lita stund, men treng plass til berre å vera. Og so, berre å skriva.

Det er vel slik det er å skulla slutta å vera masterstudent?

 

3 Kommentarar:

23:41, skreiv Blogger Ragnhild...

Ja, dette kjenner eg meg att i! Eg trur du veit kva du må gjera og du har sikkert fått alle dei gode råda allereie...så kva kan eg då seia for å muntra deg opp?

Det kan vera ein ide å laga ei liste over alt du har lyst til å gjera av ikkje-faglege ting når du har levert. Uansett kor lang lista vert er det viktig å ha noko å gle seg til og sjå fram mot. Hugs at livet etter at du har levert er DET BESTE. Hald ut, du greier dette!!!

 
09:54, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takk, takk!
Eg skal få det til, skal, skal, skal. Er lei no. Kanskje eg skal laga ei liste? Det var jo ein veldig god ide :)

 
18:42, skreiv Anonymous Anonym...

Heia Ragnhild!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida